Hoppa av Rem skal leie nytt offshoreselskap
SAMARBEID: Åge Remøy og Arild Myrvoll under eit styremøte i Rem Offshore. No skal dei to på nytt samarbeide om å byggje opp eit offshoreselskap i Herøy.
Nytt

Hoppa av Rem - skal leie nytt offshoreselskap

Tidlegare Rem Offshore-direktør Arild Myrvoll vert direktør i nystarta OSV Management.

02.11.2016
- Vi er glade for å få med oss Arild Myrvoll i satsinga på å byggje opp eit nytt offshoreselskap, seier styreleiar Åge Remøy i OSV Management.
Det nye selskapet er eit dotterselskap til In Nor Vest, der Åge Remøy har alliert seg med den islandske Samherji-eigaren Thorsteinn Mar Baldvinsson og den sveits-baserte svenske investoren Magnus Roth.
Trioen har lagt 500 millionar kroner på bordet for å byggje eit nytt offshoreselskap med base i Fosnavåg.

Samla i Diamanten

Både Myrvoll og Åge Remøy har no kontor i Diamanten på Mjølstadneset i Herøy, der også Havila Shipping held til.
Myrvoll hoppa av Rem Offshore i august etter overtakinga av Fosnavåg-reiarlaget av Solstad/Aker.
Myrvoll hadde då vore konsernsjef sidan 1. mai, då hovudaksjonær Åge Remøy gjekk av som konsernsjef og vart arbeidande styreleiar.

Ti års samarbeid

I eit intervju med NETT NO i august sa Åge Remøy at han ikkje var overraska over avgjersla til Myrvoll.
- Eg vil ønskje Myrvoll lukke til vidare med nye oppgåver der han til slutt hamnar, sa Remøy då.

Les her:


No er svaret klart; Myrvoll skal halde fram med å jobbe for Åge Remøy.
- Vi har arbeidd saman i snart ti år, og ser fram til å halde fram samarbeidet, seier Remøy.

Mange vil selje

In Nor Vest har så langt ikkje gjort noko investering.
- Vi har ikkje hastverk, men vi vil slå til når vi meiner det er grunnlag for det, seier Remøy.
Han seier at det ikkje manglar på tilbod om å kjøpe offshorefartøy.
- Nei, det er altfor mange fartøy som er til sals for tida.

Vil ha nyare tonnasje

Han seier at for det nystarta selskapet er det ikkje aktuelt å kjøpe gamal tonnasje.
- Nei, vi ser på nyare tonnasje, og då innanfor både PSV, subsea og ankerhandtering.
- Vi ønskjer å vere i dei områda som Rem Offshore var inne i.
- Det er det vi kan best, seier Remøy.
Vi har ikkje hastverk, men vi vil slå til når vi meiner det er grunnlag for det

Publisert: 02.11.2016 13:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03