Hornindal skisenter vil ta ny sats
GODT BESØK: Hornindal skisenter er mellom skianlegga på Nordvestlandet som har hatt størst uttelling så langt i sesongen.
Nytt

Hornindal skisenter vil ta ny sats

Snøkanonar ga overskot i fjorårssesongen for Hornindal skisenter. No er terrengpark og løype for langrennscross aktuelle tiltak.

Marius Rosbach
29.01.2020
Sesongen så langt har vore ein kamp mot naturkreftene for dei fleste skianlegga på Nordvestlandet.
Mildver, regn og vind har gjort at nokre ikkje har opna i det heile – medan andre har hatt stengt i dagevis av gongen.

– Fullt fleire dagar

Hornindal skisenter er truleg det senteret som har sloppe best frå utfordringane her i regionen. Styreleiar Arve Hovdenak er godt nøgd med besøket for tida.
– Det har vore godt besøk fleire dagar. Til og med når det har vore dårleg ver, har vi hatt bra med folk, fortel han til NETT NO.
Skianlegget har hatt enkelte toppar då besøket har vore på nivået med påskeutfarten. Ei forklaring er truleg at fleire andre skisenter slit med å få snøen til å ligge.

Nye investeringar

Styreleiaren fortel at dei har fleire konkrete prosjekt på gong, som dei ønskjer å gjennomføre. Difor jobbar dei mellom anna med å søke om spelemidlar og nærmiljøanlegg.
– Det er gjort mange gode tiltak og vore mykje positiv utvikling. Som det går fram i siste årsmelding , er det ønskelig at styret får sett av meir tid til arbeid utviklingstiltak og framtidsplanar, seier han.
Dei første tiltaka som er meldt inn, er ein terrengpark med belysning for kveldskøyring og ei løype for langrennscross i området ved skistadion.
– Vi har heile tida lagt vekt på å vere eit anlegg for både alpint, langrenn og turtilbod. Vi har også fasilitetar for skiskyting, fortel Hovdenak.

Les også:



Overskot med snøkanonar

Senteret som har avvikande rekneskapsår, hadde eit overskot før skatt på 315.000 kroner frå juli 2018 til juli 2019. Inntektene enda på 3,2 millionar kroner i rekneskapsåret.
I det førre rekneskapet blei omsetninga på nær fire millionar - men same år la dei om til avvikande rekneskapsår - og tala gjeld difor for 18 månader.
Skisenteret har satsa ved å investere i snøkanonar dei siste åra. Dei stod ferdig og blei sett i drift i fjor – og var ein direkte årsak til at rekneskapen for fjorårssesongen enda i pluss etter 68 driftsdagar.
– Det er heilt klart at snøproduksjonsanlegget redda store delar av sesongen for oss, heiter det i årsmeldinga.

Spent på kommunalt tilskott

I årsmeldinga kjem det fram at det er ei utfordring at styret og driftsleiar er del av den faste dugnadsgjengen, som står på sommar og vinter.
– Tida er kanskje komen for å vurdere korleis vi skal organisere oss i framtida, heiter det.
Det høyrer med til bilde at skisenteret er kome inn i nye Volda kommune.
– Kommunal støtte i ei eller anna form er noko som vi vil ta opp med Volda kommune. Vi vil søke dialog med kommuna for å avklare kva moglegheiter som kan finnast, seier Hovdenak.

Les også:



Publisert: 29.01.2020 09:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51