Hotel Union Øye vil utvide
Turisthotellet trekk fram utbyggingsplanar frå skuffen – med løde som forsamlingshus og eit glasbygg som festlokale.
Hotel Union Øye vil utvide romkapasiteten frå 27 til 50 rom i eit nytt klyngetun på nordsida av dagens hovudbygning, melder Møre-Nytt.
Hotellet har tidlegare hatt planar om ei utviding med eit sidebygg i sveitserstil, men møtte motstand frå fylkeskonservatoren. No fortel hotelldirektør Mariann Øye til lokalavisa at dei har trekt fram ein anna plan frå arkivet etter at dei ser behov for utviding.
NETT NO omtala nyleg korleis dei opplevde stor pågang frå norske gjestar etter at dei opna att etter å ha koronastengt i fleire veker – og no er dei fullbooka heile juli.
Les også: Øye-hotell med stor pågang frå norske gjestar
Dei tidlegare planane blei lagt vekk i 2014 og var kostnadsrekna til kring 100 millionar. Hotelldirektøren opplyser til NETT NO at dei nye investeringsrammene ikkje er klare enno.
Hotellet i Norangsdalen vil utvide romkapasiteten ved å bygge eit klyngetun med «hytter i to etasjar og ein etasje med hems – med referanse til tradisjonell lokal byggeskikk, ifølge planforslaget frå Enerhaugen Arkitektkontor med høyringsfrist 9. juni. I tillegg vil dei ha ei driftsbygning i to etasjar i lødestil, med eit stort forsamlingslokale i andre etasje, i tillegg til ein konferanse/festlokale med glastak i ein etasje.
– Det er utruleg spennande planar. Ikkje alt er spikra enno, og prosjektet har lege nede no ei tid grunna korona, men no er vi så vidt i gang igjen, seier Øye til Møre-Nytt.
Les også: Topplista for kva nordmenn vil gjere i sommar
Flakk-hotell med første overskudd på fem år
Publisert: 25.05.2020 23:20
Sist oppdatert: 23.09.2021 15:29