Ole Theodor Hovden Foto Nordvest Naprapatklinikk 222
UTVIDAR: Ole Theodor Hovden er leiar for fiskebåtreiarlaget Hovden Senior. No har han fått to fartøy å administrere. Foto: Nordvest Naprapatklinikk
Nytt

Hovden Senior doblar flåten

Kjøper fiskebåten Sulebas.

25.07.2025

Hovden Senior-reiarlaget i Vanylven kjem til å drive både Sulebas og Hovden Viking vidare etter kjøpet, fortel dagleg leiar Ole Theodor Hovden i ein epost til Nett No.

– Begge båtane har store kvotepakkar, og skal driftast vidare. Sulebas fiskar torsk, makrell, nvg sild og sei i hovedsak. Hovden Senior AS har i dag cirka 15 tilsette, og på Sulebas er det eit mannskap på 12 , pluss lærling, skriv han. Hovden er ein av tre familiemedlemer som eig 84 prosent av aksjane reiarlaget gjennom selskapet Hovden Holding.

Hovden Viking fiskar i hovudsak med not og snurrevad etter mellom anna sild, torsk, sei og makrell.

Arbeidd for kjøp
-Vi er godt fornøgde med å ha sikra oss ytterlegare ein kystbåt, med godt kvotegrunnlag.  Sidan «Sulebas» kom for sal, har vi jobba målretta mot å sikre oss fartøyet. Vi har trua på fiskerinæringa og riggar oss for framtida seier Hovden i ei felles pressemelding frå kjøpar og seljar- 

-Når vi først bestemte oss for å selje, så er vi godt nøgde med at Sulebas vart kjøpt av eit lokalt selskap som vil drive båten vidare saman med mannskapet, seier Linne Lending, dagleg leiar i Lending Rederi as.

Partane opplyser ikkje kjøpesummen.

Lending Rederi i Solund kommune har fire eigarar, alle i familien Lending.

Hovden Senior as  
Tal i mill kroner20242023
Driftsinntekt63,766,8
Driftsresultat17,320,6
Resultat før skatt11,515,3
   
Lending Rederi as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt84,699,2
Driftsresultat12,926,7
Resultat før skatt-12,40,2

Publisert: 25.07.2025 13:21

Sist oppdatert: 25.07.2025 13:21