Hurtigruten gaar inn i Kleven
BLIR MEDEIGAR: Konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven (tv.) og konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten saman med statsminister Erna Solberg under markeringa av kontraktene om bygging av minst to hurtigruteskip i fjor. No blir Hurtigruten medeigar i verftskonsernet for å sikre vidare drift og at hurtiugrutene blir bygd.
Nytt

Hurtigruten går inn i Kleven

Hurtigruten blir medeigar i verftskonsernet saman med Petter Stordalen. Skal sikre arbeidsplassar og vidare vekst, seier Hurtigrutesjefen.

08.09.2017
- Dette er ekstremt viktig for arbeidsplassane, seier konsernsjef Ståle Rasmussen etter at refinansieringa av verftskonsernet er på plass.
Han trur det er mange som er letta i dag.
- Eg trur det er mange leverandørar som er glade for det som skjer, seier Rasmussen.

300 millionar

Ei gruppe investorar med Hurtigruten i spissen går inn med 300 millionar kroner i Klevenkonsernet gjennom eit nytt investeringsselskap.
I tillegg til Hurtigruten, Strawberry Equity (Petter Stordalen) og TDR (britisk investeringsfond), består investorane av Åge Remøy og Magnus Roth gjennom InYard Invest, Kleven-familien sine selskap John Kleven AS og H-Invest AS, det familieeigde tyske yachtverftet Lürssen Group og investoren Per Lillebø, skriv Hurtigruten i ei pressemelding.
Hurtigruten, Stordalen og TDR vil eige cirka 40 prosent i det nye investeringsselskapet.

- Med Kleven som eitt av dei fremste eksempla, er norsk verftsindustri i verdsklasse. No går vi saman for å vidareutvikle den unike kompetansen, sikre nye lokale arbeidsplassar og skape vekst i konsernet som byggjer framtidas skip, seir Daniel Skjeldam, konsernsjef i Hurtigruten i meldinga.

Avtale med bankane

Kleven varsla i årsmeldinga for 2016 at verftskonsernet hadde hyra inn rådgivarar for å reise meir kapital, og sa for få veker sidan at ei løysing truleg var innan rekkevidde i løpet av kort tid.
300 millionar kroner i ny eigenkapital er nok til å sikre vidare drift, i følgje Rasmussen.
- Dette er eit tilstrekkleg beløp til å stabilisere situasjonen, seier han.
Med ny eigenkapital på plass har også Kleven reforhandla avtalane med bankane, og berre formalitetane gjenstår før avtalane er på plass i følgje pressemeldinga.

Publisert: 08.09.2017 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13