Nytt
Hurtigruten går til Fosen
Fosen Yards får jobben med interiørombygginga av to hurtigruter, i konkurranse med både norske og utanlandske verft.
25.05.2018
MS Richard With skal byggast om i haust, MS Nordlys våren 2019.
Passasjerdelen blir ny, med mellom anna fleire og større suitar med større vindauge, større vindauge i hovudrestauranten.
Jobben går til Fosen Yards i Trøndelag, som fekk oppdraget i konkurransen med verft i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.
Minst seks og sannsynligvis ni av Hurtigruten ASA sine skip skal på verkstad for å bytte ut gamle dieselmotorar med motorar som går på naturgass (LNG), og dessuten utstyres med batteri.
Til saman er det snakk om oppdrag for opp mot ein milliard kroner. Ombygginga skal vere ferdig til 2021.
Passasjerdelen blir ny, med mellom anna fleire og større suitar med større vindauge, større vindauge i hovudrestauranten.
Jobben går til Fosen Yards i Trøndelag, som fekk oppdraget i konkurransen med verft i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.
100 millionar
Hurtigruten opplyser ikkje kor mykje selskapet skal betale for oppgraderinga av dei to skipa, men maritim direktør Tor Geir Engebretsen i Hurtigruten sa til NETT NO i februar at tidlegare oppgraderinga av Hurtigrute-skip har kosta over 100 millionar kroner pr. skip.Milliardkontrakt neste
Ombygging av interiøret på to skip er berre starten på eit langt større ombyggingprogram for Hurtigruten, og kven som får det oppdraget blir sannsynlegvis klart i løpet av året.Minst seks og sannsynligvis ni av Hurtigruten ASA sine skip skal på verkstad for å bytte ut gamle dieselmotorar med motorar som går på naturgass (LNG), og dessuten utstyres med batteri.
Til saman er det snakk om oppdrag for opp mot ein milliard kroner. Ombygginga skal vere ferdig til 2021.
Publisert: 25.05.2018 12:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22