Hurtigruten har overtatt MS Fridtjof Nansen
Prosjektleiar Asbjørn Vattøy frå KLeven og kaptein Rune Andreassen bytta flagg om bord på MS Fridtjof Nansen. Kleven-flagget gjekk ned, og Hurtigruten sitt gjekk opp. Foto: Kleven.
Nytt

Hurtigruten har overtatt MS Fridtjof Nansen

Heiste Hurtigruten-flagget i dag

20.12.2019
Skipet blir liggande hos Kleven til etter årsskiftet, men overleveringsseremonien med flaggskifte skjedde i dag.

– Det er berre å gratulere Hurtigruten med eit splitter nytt ekspedisjonsskip! Det er eit fantastisk skip vi har levert – denne gangen også. Eg er utruleg stolt og imponert over jobben som er gjort av våre dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Det å bygge eit så avansert skip er litt av ein prestasjon, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Kleven Verft i ei pressemelding.
MS Fridtjof Nansen er søsterskipet til MS Roald Amundsen, og dei er verdas fyrste hybriddrevne cruiseskip. Begge er bygde ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og skal segle på ekspedisjonscruise for Hurtigruten – som er verdas største ekspedisjonscruise-reiarlag.

To kontraktar i ordereboka

I ordreboka til Kleven ligg det etter levering av MS Fridtjof Nansen to store ombyggingskontrakter, eit trål/snurrevad-fartøy for NordnesGruppen, og ein lekter for Boa Barges AS. Begge skal bli levert i 2020, i følgje pressemeldinga.
Etter store tap er Kleven Verft omorganisert og verksemda skilt ut i eit nytt selskap, der eigaren Hurtigruten er ute etter å finne ein kjøpar.


Publisert: 20.12.2019 15:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48