NPK: Norsk Hydro er tildelt kontraktar med Tersan Shipyard om å levera aluminiumsløysingar til toppseksjonane på skipa som blir bygde for det norske reiarlaget Havila Kystruten AS.
– Vi set stor pris på å få brukt det innovative designet vårt og kunnskapen vår om aluminium i skipsbygging, seier Chris Moyle, salsdirektør Marine & Offshore i Hydro i ei pressemelding.
Dei to kystruteskipa Havila Capella og Havila Castor blir begge 124,1 meter lange og 22 meter breie og skal kunna frakta 640 passasjerar kvar. Skipa som skal leverast i slutten av 2020, får eit framdriftssystemet basert på flytande naturgass (LNG) og batteri.
Også frå verftssida i Tyrkia er ein svært nøgde med å ha fått Hydro med på laget.
– Vi er svært nøgde med samarbeidet med Hydro om leveransen av dei innovative aluminiumsløysingane deira. Kunnskapen deira tilførte ekstra verdi til prosjektet, og bidrag i tillegg til å redusera vekta. Vi har høve til å etablera eit godt, langsiktig samarbeid, seier Turgut Özden, visedirektør for verft i Terzan.

Publisert: 26.02.2020 13:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53