Morten Holum Hexagon Purus
VEKST: Morten Holum er toppsjef i Hexagon Purus.
Nytt

Hydrogen-satsing under kostnadspress

Kostnadsauke på grunn av stigande prisar og rente bit også i hydrogenmarknaden. Politiske støtte blir viktigare.

07.11.2023

Kvartalsrapporten til Hexagon Purus fortel om nok eit kvartal med stor auke i inntektene - og tresifra millionunderskot.

Hexagon Purus lagar tankar og systen for bruk av hydrogen som energiberar, og i tillegg også batteriløysingar-

Selskapet nærmar seg slutten på store investeringar i å auke produksjonskapasiteten, og ventar betring i lønsemda framover, men tidfestar ikkje når det ventar å gå med overskot.

Politisk støtte
I kvartalsrapporten skriv Hexagon Purus at ein meir utfordrande makroøkonoimisk situasjon, kombinerte med stigande renter og prisar skaper kostnadspress i verdikjeda.

Det gjer det viktig med framleis sterk og god politisk støtte for å kunne lukkast med å auke produkjsonskapasiteten av energiformer som ikkje gir utslepp av CO2, ifølgje kvartalsrapporten.

Les børsmelding her

Skilt ut
Hexagon Purus var ein del av Hexagon Composites, men vart skilt ut og børsnoterte som eige selskap i 2020.

Ved børsnotering var kursen 39 kroner. Før børsopning i dag er kursen 10,68 kroner. Det er ned 48 prosent sidan årskiftet og verdset selskapet til 2,96 milliardar kroner.


Hexagon Purus ASA
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt954592
Driftsresultat-414-366
Resultat før skatt-504-308
Hexagon Purus ASA
3. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt380222
Driftsresultat-154-116
Resultat før skatt-199-65

Publisert: 07.11.2023 08:11

Sist oppdatert: 07.11.2023 16:53