Haapar at dei klarer aa kome seg gjennom dette
KRYSSER FINGRANE: Marie Refnes krysser fingrane for at den lokale fiskematbedrifta  i Gjerdsvika held fram. 
Nytt

– Håpar at dei klarer å kome seg gjennom dette

Nokre av dei 20 Maritim Food-tilsette som denne veka fekk oppseiinga, har allereie fått ny jobb. Både på lokalbutikken og i næringslaget er det engasjement kring sjømatbedrifta i industribygda.

Marius Rosbach
01.06.2019

Sande-bygda Gjerdsvika med kring 400 fastbuande opplever gode - og ikkje så gode nyheiter om dagen. Samstundes som utbygginga i hamna vil gi fleire titals mål med nytt næringsareal, heng mørke skyer over fiskematfabrikken Maritim Food.

– Eg håpar at dei klarer å kome seg gjennom dette, seier Marie Refsnes til NETT NO.

Mellom hyllene på den lokale Coop-butikken, viser ho fram dei to einaste produkta frå fiskematbedrifta med røter tilbake til 1950-talet. To boksar med makrell i tomat. Ho skulle gjerne sett at det hadde vore fleire, men ulike samarbeidsavtalar skal gjere det vanskeleg.

Analyse: Dystre utsikter for Gjerdsvika-anlegg

– Håpar at eigarane ser potensialet
Nestleiar Hallvard Slettevoll i Gjerdsvika Næringslag er også spent på kva som skjer.

nettnohalf

– Vi håpar at eigarane ser potensialet i Gjerdsvika. For oss hadde det vore veldig bra om Maritim Food brukte noko av pengane sine her, i staden for å bygge ned, seier han til NETT NO.

Slettevoll er sjølv bedriftsleiar og eigar ved Stadt på den andre sida av hamna. Her vil industribedrifta utvide med kai og nytt bygg.

Les meir: Vil bygge i «nyehamna» i Gjerdsvika

20 fekk oppseiing denne veka
Framtida til Maritim Food-avdelinga heng framleis i ein tynn tråd etter at dei mista ein viktig avtale med Unil og Norgesgruppen. Bedrifta har hatt kring 30 heiltidstilsette og fleire som har jobba deltid. Det har allereie vore klart nokre veker at fleirtalet må sjå seg om etter nytt arbeid.

– Denne veka vart nedbemanninga avgjort og kring 20 personar er oppsagde. Ni personar blir med oss vidare utover hausten, seier dagleg leiar Jan Brevik til NETT NO.

Denne veka har det vore hektisk møteverksemd på fabrikken på sørsida av hamnebassenget. Den komande veka er det planlagd informasjonsmøte med Nav og alle dei tilsette om vegen vidare.

nettnohalf

Allereie har fleire av dei tilsette gitt beskjed om at dei har fått seg nytt arbeid.

– Eg har ikkje oversikt over alle og vi held fram med det arbeidet til veka. Men iallfall tre-fire tilsette har fått anna jobb, seier Brevik.

Hermetikk til nyttår
Samstundes jobbar leiinga vidare med å finne ei løysing for drifta vidare. Ei avgjersle om endeleg nedlegging, eller ikkje, skulle etter planen vore oppe i eit styremøte i mai. Det er no utsett til 19. juni.

– Vi skal produsere hermetikk fram til nyttår, så får vi sjå kva som skjer etter det. Vi må rekne på om det er mogleg å tene penger på hermetikken åleine, seier Brevik.

Les meir: Håper makrell i tomat kan redde bedrifta

– Korleis er moglegheitene for andre inntekter?

– Det er vanskeleg og ikkje gjort i ei handvending, men vi har nokre ting vi jobbar med, seier han.

I mai møtte mellom anna ordførar Dag Vaagen i Sande kommune leiinga i eigarselskapet Insula for å drøfte krisa for anlegget i Gjerdsvika. NETT NO er kjend med at kommunen jobbar for å få til oppfølgingsmøter, men at dette førebels ikkje har lete seg gjere.

For dominerande
I mars vart det kjent at Maritim Food mista leveransane av fiskemat med Norgesgruppen.

Bakgrunnen var at Norgesgruppen, med daglegvarekjedene Meny, Spar, Kiwi og Joker, ville ha konkurranse blant leverandørane. Dei vel heller å kjøpe fiskemat frå Lerøy Seafood Group sitt anlegg i Stamsund i Lofoten framfor å få den levert frå Gjerdsvika.

Brevik har erkjent at det ikkje har vore heldig for Gjerdsvik-bedrifta å verte ein del av Insula.

- Nei, ikkje slik dette vart, sa han til NETT NO i april.

Strid om hamneutbygging: Meiner Kystverket skuldar å gjere ferdig deponi


Vi må rekne på om det er mogleg å tene penger på hermetikken åleine

Publisert: 01.06.2019 05:57

Sist oppdatert: 26.12.2022 18:57