Håpar heimeferie bergar sesongen
Koronakrise og auka konkurranse gir store utfordringar for Valldal Aktivitetspark. Men smittevernreglane skal dei klare å overhalde.
På denne tida har Valldal Aktivitetspark dei siste åra hatt fullt av bestillingar frå skuleklassar for juni. No er det ingen - og dagleg leiar Erlend Hjelme erkjenner at det ikkje ser lyst ut.
– Vi trur dette kan bli den dårlegaste sesongen nokon gong. Vi reknar også med at vi kjem til å ha lite gruppebesøk som utdrikkingslag, skulekorps og liknande, seier han til NETT NO.
Hjelme påpeiker at dei likevel er såpass bra økonomisk stilt, at dei skal klare seg gjennom koronakrisa - uansett korleis sesongen blir.
Lokalt besøk viktigast
Klatreparken i Valldal har i stor grad levd av det lokale besøket frå regionen. Per i dag ser det ut til at dei fleste nordmenn må belage seg på norgesferie, og det håpar Hjelme slår positivt ut for deira del.
– Det er bra for oss om mange nordmenn blir heime. Då håpar vi at dei har lyst til å nytte seg av dei lokale tilboda som finst, seier han.
Med det rette tiltaka, meiner Hjelme det er mogleg å drive i tråd med smittevernsreglane. Løysinga vil truleg vere å ha eit påbod om å bruke hanskar, i tillegg til hyppig reinhald og desinfisering av utstyr.
– I ein park med såpass stort areal som her, så skal vi kunne gjere det på ein trygg måte. Vi må finne ei løysing for opplæring og påseling, men det bør også vere mogleg, seier han.
Les også: Feira fem år og heilårssatsing i Valldal
Tre gründarar i opplevingsbransjen: Troll, brennevin og turar på ukjende stiar
Uvisse om opning
Aktivitetsparken klarte også i fjor å halde drifta på plussida (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil). Samtidig har han og marknadssjef Gro Marita Valldal dei siste to åra teke ut løner det er mogleg å leve.
No er sistnemnte permittert og Hjelme er svært spent på korleis koronasituasjonen vil slå ut. Til vanleg startar dei sesongen i mai, men førebels veit ikkje Hjelme om det er mogleg.
– Vi er i dialog med andre parkar, og dei fleste i bransjen ser optimistisk på moglegheitene for å opne snart. Men vi veit ikkje sikkert, seier han.
Auka konkurranse
Etter fleire år der pilane har peika oppover, gjekk omsetninga ned i 2019.
– Vi merkar auka konkurranse, og det er eigentleg ei overetablering av klatreparkar i regionen, seier Hjelme.
For to år sidan opna ein klatrepark på Bjorli, året etter på Stryn, og i år opnar ein klatrepark ved Tusten i Molde. Hjelme fortel at dei spesielt merka konkurransen frå Stryn, truleg fordi mange frå søre Sunnmøre har kortare reiseveg dit.
I fjor undersøkte dei moglegheitene for å halde ope også om vinteren, men førebels er det lagt på is.
– Vi fann ut at etterspurnaden per i dag, ikkje er stor nok til å forsvare utgiftene med å halde ope, seier Hjelme.
Det er bra for oss om mange nordmenn blir heime. Då håpar vi at dei har lyst til å nytte seg av dei lokale tilboda
Publisert: 20.04.2020 05:55
Sist oppdatert: 26.07.2022 10:54