Etter at Fiskebåt melde seg ut av Norges Fiskarlag på eit dramatisk landsmøte i fjor haust, har det blitt arbeidd for at det likevel skal vere eit samarbeidsorgan for Fiskebåt og dei to attverande organisasjonane i Norges Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlag.
Denne veka gjorde Fiskebåt det klart at det ikkje er aktuelt med noko samarbeid.
Grunnen er at Fiskebåt ikkje fekk innfridd eit krav om at vilkår for samarbeid var at dagens fordeling av fiskekvotar mellom ulike grupper fartøy og fiskarar ikkje skal endrast på, fortel Fiskeribladet.
Det var nettopp det kravet Nord Fiskarlag nekta å gå med på under landsmøtet i fjor, og tilliten som er naudsynt for eit samarbeid er borte ifølgje Fiskebåt.
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten.
Regelverket til Norges Fiskarlag er slik at Fiskebåt si utmelding først er gjeldande frå neste landsmøte, hausten 2027.
Må tilpasse inntektene
Generalsekretær Sverre Johansen i Norges Fiskarlag seier til Nett No at han håpar organisasjonsutvalet som nyleg er oppretta, skal vere klare med eit framlegg om vegen vidare i løpet av juni.
Eitt sentralt punkt blir økonomien i eit Norges Fiskarlag utan Fiskebåt. I dag står Fiskebåt for omlag halvparten av inntektene til Norges Fiskarlag.
– Systemet må tilpassast eit anna inntektsnivå, seier Johansen.
Norges Fiskarlag har omlag 32 tilsette.
Ikkje overraska
Johansen hadde håpa på eit vidare samarbeid, men ikkje overraska over at Fiskebåt ikkje vil vere med.
– Vi som har jobba med dette har vore klare over at det har vore krevjande, seier Johansen.

Realitetsorientert
På landsmøtet til Norges Fiskarlag i fjor haust var det spesielt Sør-Norges Fiskarlag som arbeidde for å halde laget samla.
Sør-Norges Fiskarlag organiserer fiskarar og eigarar av fiskebåtar frå og med Møre og Romsdal og sørover.
Dagleg leiar Janita Arhaug i Sør-Norges Fiskarlag seier laget no vil halde fram i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag.
– Det er forferdeleg synd at det blei ein splittelse på landsmøtet (til Norges Fiskarlag, red. merk), men vi har innsett realitetane og jobbar vidare saman med Nord Fiskarlag, seier Arhaug.
Publisert: 06.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 05.05.2026 20:46






