Haapar aa lande avtale om Fiskaaholmen
FISKÅHOLMEN: Skjermbilde frå ein film Prodtex har laga for å illustrere produksjonen - der utskipinga skjer frå Fiskåholmen. 
Nytt

Håpar å lande avtale om Fiskåholmen

Vanylven-ordføraren spretter ikkje sjampanjen enno, men det er høgst truleg at kommunen får nye og etterlengta industriarbeidsplassar på Fiskåholmen.

Marius Rosbach
27.08.2019
I fleire år har Vanylven kommune og lokalsamfunnet jobba for å få ny drift ved industrianlegget på Fiskåholmen. Etter at Ulstein-gruppa la ned produksjonen for nokre år sidan, har høghallen og kaiområdet stått mykje ubrukt.
No er det klart at Prodtex i Ulsteinvik truleg vil starte produksjon på staden. Vanlyven kommunen har ikkje formelt inngått ein avtale med selskapet leia av Tore Roppen – men ordførar Lena Landsverk Sande seier dei er tett på.

– Vi spretter ikkje sjampanjeflaska før vi har ein endeleg avtale, men Tore Roppen og Sigbjørn Nordstrand (dagleg leiar, journ. anm.) har vore opne og inngitt tillit i forhold til det dei held på med. Og vi veit at dei har solid bakgrunn frå Kleven-konsernet og robotteknologi, seier ho til NETT NO.

Les også:


Andre teikn har også peika i den retninga. Tidlegare i år blei selskapet Prodtex Industri oppretta med adresse på Fiskåholmen. Og då lokalavisa Vikebladet nyleg publisert ein film om arbeidet til bedrifta, var det ikkje mykje tvil om kva som var «location» for utskiping av store bruseksjonar.

– Viktig kompetanse

Vanylven-ordføraren seier det betyr mykje for lokalsamfunnet å få bedrifta til Fiskå. I ei periode har det vore både båtbygging og planar om produksjon av bøyer til bølgjekraft. Men ikkje noko har blitt til varige arbeidsplassar.
– Om det går slik vi håpar og trur, så vil dette bety veldig mykje for Vanylven-samfunnet. Det er viktig kompetanse til vårt område. Samtidig har vi moglegheiter til å skaffe dyktige fagfolk lokalt, seier ho.

Kan ha dobbel nytte

Vanylven kommune kan ha dobbelt nytte av ei slik etablering, ved at Prodtex jobbar med bruteknologi som kan nyttast på Rovdefjordsambandet.
– Eg trur deira arbeid kan få mykje å seie både for vårt viktige prosjekt her, men også for andre bruprosjekt rundt i landet, seier Landsverk Sande.
NETT NO har tidlegare omtalt arbeidet konsulentselskapet gjer for å finne ut korleis det kan byggast ei over fem kilometer lang bru på E39 over Bjørnefjorden. Prodtex si rolle i bruprosjektet er å finne ut korleis stålstrukturane i brua kan byggast enklast og rimelegast råd.

Les også:



Interesse frå bølgjekraftselskap

Selskapet Waves4power har tidlegare uttalt at dei ville starte produksjon av bøyer til bølgjekraft på Fiskåholmen. Førebels har ikkje det vorte noko av, men svenskane skal framleis jobbe med saka.
– Dei viser framleis interesse for lokala, men Vanylven kommune har også andre stader med tilknyting til sjø som kan vere interessante, seier Landsverk Sande.
Det er for tidleg å seie om Prodtex treng heile bygningsmassen, men det er openbart at dei vil trenge store delar av anlegget.
– No får tida vise kva avtale vi landar på. Og kanskje kunne Waves4power og Prodtex sitt arbeid også vore ein fin kombinasjon, legg ordføraren til.

Publisert: 27.08.2019 16:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38