Aasen hoved
AASENKVARTALET: Her skal det kome signalbygg som vil verte lagt merke til, pluss mykje meir, om Volda Utvikling AS lukkast med sine planar. Skisse: Nordplan
Nytt

Håper på signalbygg og 600 arbeidsplassar i 'nye Volda'

Inviterer til arkitektkonkurranse for å utvikle beste tomta i Volda.

30.09.2021

Volda kommune sitt nye kommunale utviklingsselskap, Volda Utvikling AS, inviterer no til ein avgrensa konkurranse der ein skal prekvalifisere arkitektar til ein plan- og designkonkurranse gjennom den nasjonale databasen Doffin.

Dette er første del av utviklinga av Aasenkvartalet, eit 22 dekar stort område der det gamle mediebygget 'Ivar Aasen' i dag stå, eit bygg som etter planen skal rivast ettersom det er bygt nytt mediebygg.

Volda Utvikling har store planar for området, der ein ser for seg ei utbygging i tre steg i løpet av ein tiårsperiode, der ein i første byggjesteg ser for seg ei utbygging av rundt 10.000 kvadratmeter med etablering av rundt 200 arbeidsplassar.

(saka held fram etter bildet)

DH Volda
VOLDA. Det tidlegare mediebygget 'Ivar Aasen' skal etter planen rivast, og det opnar for ei utbygging på eit 22 dekar stort areal. Foto: Ogne Øyehaug

Beste tomta
Det vert vist til at tomta er den beste i Volda, rett ved hovudtraseen gjennom fylket, og rett ved Rotsethorntunnelen og den nye planlagde Voldatunnelen.

På denne tomta ønsker ein å setje opp eit signalbygg med ein arkitektonisk kvalitet som vert lagt merke til.

Her skal det etter planen etablerast eit attraktivt kompetansemiljø innan forsking, utdanning og privat og offentleg samarbeid.

Bed & breakfast
Høgskulen i Volda har allereie signert at ein har behov for rundt 1.000 kvadratmeter areal i nyebygget.

Men på sikt er planen at det også skal kome næringsverksemd, i tillegg til eit overnattingstilbod. Her vert det vist til at det er behov for meir overnattingsstader i Volda, spesielt knytt til sjukehuset og høgskulen, og ein ser for seg et bed & breakfast-tilbod i bygget.

Aasenkvartalet 1
SENTRALT: Aasenkvartalet vert sett på som den beste tomta i Volda, og ligg sentralt plassert langs E39. Her er det tenkt utbygging i tre runder over ein periode på ti år. Skisse: Nordplan

Styrke Volda og regionen
Volda Utvikling AS opplyser at ein gjennom tildelte prosjekt skal styrke og legge til rette for at innovasjonsmiljø, FOU og næringsliv vil etablere seg i Volda. Ei sentral og viktig oppgåve for selskapet er å sikre eit godt samspel mellom offentlege arbeidsplassar med høg kompetanse og eit innovativt næringsliv som bidreg til at attraktiviteten og mangfaldet på arbeidsmarknaden vert styrka for Volda og regionen.

Det er utarbeidd ein mulighetsstudie for tomta Aasenkvartalet i forkant av plan- og designkonkurransen og ein viktig del av konkurransen vil vere å finne den beste utbyggingsstrategien for tomta, og korleis dette kan løysast i stegvise byggetrinn.

I første omgang vert det prefkvalifisering av deltakarar i konkurransen, med frist for å levere inn endeleg forslag til 20. januar neste år. Innan 15. februar skal juryen rangere dei innkomne forslaga, og etter planen skal det signerast prosjekteringskontrakt 6. april neste år.

Publisert: 30.09.2021 11:15

Sist oppdatert: 30.09.2021 11:52

Mer om