Hoeg vasstand truer fleire bedrifter
EKSTREMVARSEL: Langs store delar av kysten er det venta svært høg vasstand onsdag. På strekninga frå Austevoll via Stad og nord til Frøya er det oransje farenivå.
Nytt

Høg vasstand truer fleire bedrifter

Ein rekke stader vil truleg bedrifter bli råka om varselet for onsdagen slår til.

Marius Rosbach
14.01.2020
Meteorologane har varsla at ekstremveret Didrik vil gi svært høg vasstand langs store delar av kysten onsdag.

Allereie då floa var på sitt høgste tysdag ved 13-14-tida var det nære på at fleire bedrifter fekk problem med vatnet.
Ved Fosnavaag Pelagic var det berre centimeter om å gjere, før vatnet gjekk over kaiområda.

Truleg nokre centimeter høgre

Ifølgje prognosane på Kartverket sine nettsider Sehavniva, vil vasstanden være kring 15 centimeter høgare i Ålesund onsdag på dagen.

I varselet er det opplyst at det vil være på sitt høgaste – 65 til 75 centimeter over høgda oppgitt i tabellane for tidevatnet – mellom klokka 13 og 15.
Det vil også vere ein topp natt til onsdag, nokre centimeter lågare.
I Ålesund måtte tysdag byggjelaget som held på med grunnarbeidet for Pir-senteret i sentrum av byen, finne på noko anna å gjere. Sjøvatn fylte heile tomta som det reinaste symjebassenget.

Les også:



I Ulsteinvik truar vasstanden på slike nivå med å kome inn på golvet til Maluns-restauranten. Tidleg tysdag ettermiddag var det framleis nokre centimeter å gå på.
Ein anna stad i sentrum ved elveosen langsmed Saunesvegen, har Mørenett ein trafo som det har vore utfordringar knytt til tidlegare.
For nokre år tilbake blei utstyret inne i trafoen skifta ut og montert høgare, slik at det ikkje skal vere fare på ferde ved høg vasstand.

Tysdag var energimontør Leif-Petter Kleven utkalla for å sjekke opp ståa og han kunne forsikre at dei hadde kontroll. Då var det framleis ein halvmeter att før vatnet nådde golvnivået.

Oransje farenivå – fryktar moderate skader

Vasstanden som er varsla onsdag, skal vere det høgste som er vore på Nordvestlandet sidan Dagmar-orkanen i 2011. Det er venta at vatnet kan føre til moderate skader på infrastruktur og bygningar i strandsona, ifølgje .

Fleire andre stader på Nordvestlandet trua vatnet bygg og naust. Farevarselet er på oransje nivå – som står for «stor fare». Høgste nivå er raudt.
Anbefalinga frå meteorologisk institutt er å sjekke fortøyingane for båtar og sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

Les også:


Hald deg oppdatert - sjekk nettsida for jord- og skredvarsel og Yr.no for (ekstern lenke)

Publisert: 14.01.2020 16:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50