For få år sidan vart møbelbutikken på Åheim lagt ned og no avviklar konkurrenten Sunde Møbler på Nordfjordeid. Saman med verknaden av eit par års satsing på å tilby kundane hjelp og rådgiving om innreing er nedleggingne viktige grunnar til at møbelbutikken Gangsø Eftfved Måløy i fjor sette ny inntektsrekord, ifølgje Per-Gunnar Frantzen.
Førre rekord vart sett i 2021 då reiserestriksjonar under korona fekk folk til å pusse opp og kjøpe nye møblar i stadne for å bruke pengane på feriereiser.
I dag er det sønene Andreas og Torstein som står for eigarskapen i konsernet som omfattar møbelforretning (Gangsø Eftf), sportshandel (Sports Måløy) og kjøpesenteret i Deknepollen ved Måløy. Senteret er eigd og drive av PG Frantzen Eiendom. Konsernet omfattar to eigedomselskap til, som mellom anna eig bustadar.
Frå 2015 og ut 2018 dreiv Gangsø Eftf Fagmøbelbutikk både i Måløy og Stryn, Ved årsskiftet 2028/2019 stengde selskapet dørene i Stryn. Næraste reindyrka møbelbutikkar er no i Ørsta/Volda, Ålesund på Sandane i Gloppen kommune.
| Gangsø Eftf as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 24,5 | 17,7 |
| Driftsresultat | 1,2 | 1,1 |
| Resultat før skatt | 1,1 | 1,0 |
| Sports Måløy as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 15,1 | 12,3 |
| Driftsresultat | 0,6 | 0,9 |
| Resultat før skatt | 0,6 | 0,8 |
| PG Frantzen Eiendom as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 5,7 | 5,4 |
| Driftsresultat | 1,8 | 2,0 |
| Resultat før skatt | 0,05 | 0,3 |
Publisert: 06.06.2025 11:26
Sist oppdatert: 06.06.2025 11:26






