Edvard Grieg feltet ligger på Utsirahøyden i den midtre delen av Nordsjøen omtrent 180 kilometer vest for Stavanger Foto Øyvind Knoph Askeland Norsk olje og gass
2014-PRIS: Oljeprisen er i dag den høgaste på sju år. Bilete viser plattform på Edvard Grieg i Nordsjøen. Foto: Øyvind Knoph Askeland, Norsk olje og gass
Nytt

Høgaste oljepris sidan 2014

Oljeprisen over 86 dollar fatet.

25.10.2021

Ikkje sidan oktober 2014 har oljeprisen vore høgare enn i dag.

Både grytidleg i dag, i formiddag og på ny i ettermiddag passerte prisen på eitt fat nordsjøolje for levering om ein månad 86,29 dollar fatet. Det var prisen frå 3. oktober 2018.

Førre gang oljeprisen var like høg var i oktober 2014, då oljeprisen var inne i eit kraftig prisfall.

Meir enn før koronakrisa
Det internasjonale energibyrået (IEA) spår i sin oktoberrapport at etterspørselen etter olje neste år vil passere etterspørselen før koronakrisa kom.

Energikrisa - som har sendt gass-, kol og og straumprisen til vers - gir også ein ekstraordinær vekst i oljeetterspørselen, ifølgje IEA.

På etterskot
Oljeproduksjonen er på etterskot i høve til etterspørselsveksten og vil vere det i alle fall ut året, ifølgje IEA sine vurderingar.

Trass i auka etterspørsel etter olje blir det ikkje investert for å auke oljeproduksjonen på verdsbasis.

Investeringsnivået ser ut til å vere tilpassa ein stagnerande eller fallande oljeetterspørsel, og dei samla investeringane i energiproduksjon er for liten til å tilfredsstille veksten i energietterspørselen i verda, meiner IEA.

Publisert: 25.10.2021 14:30

Sist oppdatert: 25.10.2021 14:11