Hoegre vil auke hydrogensatsinga
MEIR HYDROGEN: Statsminister Erna Solberg på talarstolen under Høgres landsmøte på Gardermoen. Ho vil ha meir hydrogensatsing.
Nytt

Høgre vil auke hydrogensatsinga

Statsminister Erna Solberg vil ha eigne knutepunkt for hydrogen i Noreg.

11.09.2020
NPK-NTB/NETT NO: – Hydrogen byr på spennande moglegheiter for Noreg, både som energinasjon og teknologinasjon, sa Erna Solberg i talen sin til Høgres landsmøte fredag.
Ho viste til at det no er stor merksemd om hydrogen internasjonalt. Hydrogen har mellom anna fått ei sentral rolle i EUs grøne giv.
– Det inneber at EU vil satse tungt på hydrogen når dei skal skape nye arbeidsplassar og vekst etter pandemien, sa Solberg.
No vil Høgre ta initiativ til å styrkje satsinga òg i Noreg, fastslo ho.

Hydrogenknutepunkt

For å følgje opp vil olje- og energiminister Tina Bru (H) starte opp arbeidet med eit eige vegkart for hydrogen i Noreg.
Samtidig vil Høgre ta initiativ til etablering av «knutepunkt» for hydrogen i Noreg.
– Ved desse hydrogenknutepunkta kan det leggjast til rette for kollektivtrafikk, båtruter, ferjer og industri som bruker hydrogen, sa Solberg.
Ifølgje henne vil Høgre òg identifisere transportruter der det kan vere aktuelt med tungtransport på hydrogen, og dessutan stimulere til etablering av infrastruktur som gjer dette mogleg.

Droppa hydrogenferje

Tidlegare i år trekte Møre og Romsdal fylke planen om å bygge om reserveferja på Hjørundfjorden til hydrogendrift.
Det var ei ferje Fiskerstrand Verft håpa å få bygge om. Etter at ferjeplanen fall i fisk har verftet snudd seg mot andre alternativ for å få bygd eit fartøy som kan bruke hydrogen som drivstoff.

Hexagon Composites, med hovudkontor i Ålesund og Flakk-familien som stor aksjonær, byggjer drivstofftankar for hydrogen og er ein pådriva for å etablere hydrogenproduksjon på Hellesylt og forsyne ferjetrafikken på Geiranger med hydrogen som drivstoff.

Publisert: 11.09.2020 13:32

Sist oppdatert: 28.06.2021 09:05