Innvik Fjordhotell i Innvik Stryn har utanlandske bussturistar som sin største inntektskjelde. Så langt er det ingen teikn til at internasjonal uro har gått ut over lysta til å dra til Noreg.
Dei første bussane kjem i mai, og i høgsesongen juni-august, er det praktisk tala ikkje ein da utan at det kjem ein buss på besøk. Det fortel dagleg leiar Merethe Søgnen til Nett No.
Hotellet har 34 rom og ein stor buss betyr at bussgjestane fyller nesten heile hotellet.
Misjonsorganisasjonar
Innvik Fjordhotell er eigd av fem misjonsforeininar, med Innvik Normisjon som største eigar med 39 prosent av aksjane.
Det vert drive som eit sesonghotell, med vanleg drift frå 1. mars til 15. desember.
Sidan koronaåret 2020 har selskapet hatt inntektsvekst kvart år fram til den førebelse rekorden i 2024. I fjor var det ein liten inntektsnedgang, men selskapet fekk i fjor til gjengjeld sitt første plussresultat etter å ha gått med små underskot frå og med 2020.
| Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 7,6 | 7,7 |
| Driftsresultat | 0,04 | -0,07 |
| Resultat før skatt | 0,08 | -0,05 |
Publisert: 23.03.2026 12:42
Sist oppdatert: 23.03.2026 13:28






