I ferd med aa gaa tom for smittevernutstyr
KORONA: Ålesund kommune ber no næringslivet om hjelp til å skaffe smittevernutstyr.
Nytt

I ferd med å gå tom for smittevernutstyr

Ålesund kommune ber no næringslivet om hjelp.

01.04.2020
Ålesund kommune har eit stort behov for smittevernutstyr for å kunne ta hand om innbyggarane våre og dei tilsette. Difor ber ein no næringslivet i regionen om å bidra med personleg smittevernutstyr som er lagra lokalt i regionen.
Det opplyser kommunen i ei pressemelding onsdag.
Det blir vist til at mange bedrifter kan ha slikt utstyr på lager, og kommunen ønsker å få tilgang til dette for å redusere den akutte mangelen på smittevernutstyr.

Mange er positive

Ålesund kommune har allereie vore i kontakt med verksemder som har slikt utstyr, og som er svært positive til å bidra, blir det opplyst.
Utstyret må vere godkjent smittevernsutstyr. Det er viktig at pakningane ikkje er opna, opplyser kommunen.
Det er behov for:
• Munnbind• Masker (PFF2 og PFF3)• Hanskar med lang mansjett• Smitteverndrakt (eingongsdress)• Smittevernfrakk• Eingongsforkle• Visir

22 smitta

Tidlegare onsdag opplyste kommunen at det i løpet av siste døgnet er det registrert ytterlegare ein smitta i Ålesund. Talet er no oppe i 22. Dei siste tilfella med smitte har relasjon til utanlandsreise. Både dei smitta og nærkontaktar er i heimeisolasjon og heimekarantene.
Kommunen melde samstundes at 7 av dei smitta i Ålesund kommune no er friske og ute av heimeisolasjon. Dei som har vore sjuke skal framleis vere i isolasjon i 7 dagar etter at dei er symptomfrie. Det er ikkje aktuelt med prøve for å bekrefte at ein er frisk.
Verksemder som har smittevernutstyr dei kan unnvere, eller lurer på om utstyret dei har kan vere nyttig, skal ta kontakt med:
Ålesund kommune, konserninnkjøp: - Innkjøpssjef Jonny Indrevåg, - Rådgjevar Guro Hanche-Olsen,

Publisert: 01.04.2020 13:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55