I gong med byggetrinn to paa Volsdalsberga
NY BYDEL: Bustadblokkene til høgre for midten av bilde viser korleis prosjektet rett ved Color Line Stadion vert sjåande ut når det er ferdig. Fleire enn 150 nye bustader kjem i det som vert ein ny sentrumsnær bydel i Ålesund.
Nytt

I gong med byggetrinn to på Volsdalsberga

Ulsmo går vidare med kjempeprosjekt i Ålesund etter godt sal. Selskapet ser ny trend som gir håp om at fleire vil kjøpe leilegheiter framover. 

Marius Rosbach
24.07.2019
Tysdag kunne NETT NO fortelje om årsresultatet for Ulsmo, som viste at . Til saman selte konsernet bustader for kring 300 millionar i Ålesund i 2018.

Les også:


Bustadprosjektet Fri Sikt Volsdalsberga i Ålesund står sentralt i denne delen av verksemda til Ulstein-syskena. Med meir enn 150 nye leilegheiter, er prosjektet mellom dei største bustadsatsingane i byen og byggetrinn 1 er godt i gong. No er det klart at Ulsmo i samarbeid med Peab, går vidare med byggetrinn 2.

Mykje av første trinn selt

Godt sal av dei 66 leilegheitene i byggetrinn 1 ligg til grunn for avgjerda om å gå vidare.

– No har vi selt nær 80 prosent av leilegheitene, noko vi meiner er bra halvanna år før dei skal stå klare, fortel dagleg leiar Christian Young i Fri Sikt Volsdalsberga til NETT NO.
Tidlegare i sommar hadde utbyggjarane eit informasjonsmøte om neste byggetrinn. Bustadene er no lagt ut for sal og meklarane jobbar i desse dagar med dei første interesserte.
– Vi har sett i gong byggetrinn 2, fordi vi framleis har god tru god tru på bustadmarknaden i Ålesund, fortel han og peiker på at byen framleis har ein netto tilvekst på 4-500 personar årleg.
– Dette saman med at vi har eit etterspurt bustadprosjekt, har utløyst byggetrinn 2. Vi ser for oss ein glidande overgang mellom trinna, ved at vi byggjer frå havet og nordover. Om salet skulle gå dårleg, er det mogleg å ta eit kvileskjær på eit seinare tidspunkt, men det ser bra ut, seier Young.

Les også:



Ser ny trend

Med plassering tett på fjorden mot sør ved Color Line stadion og lovnad om sjøutsikt frå alle bustadene, er det kanskje ikkje overraskande at interessa har vore god.
Dei fleste kjøparane er «godt vaksne» menneske over 50 år, men Young fortel at dei også har merka ein ny trend.
– No er det fleire litt yngre som kvittar seg med einebustaden, og kjøper seg leilegheit så snart barna har flytta ut av redet. Det er ein trend vi kjenner frå Oslo-området, som no også har kome hit til Ålesund, fortel han.
Young som har ansvaret for å følgje opp alle bustadprosjekta til Ulsmo-konsernet, trur det kan bli meir etterspurnad for denne type bustader framover.
– Det betyr at marknaden for leilegheiter er aukande. Årsaka er at fleire ønskjer å bruke pengar og tid på andre ting enn å vedlikehalde hus, seier Young.
Han påpeiker at det også er barnefamiliar og førstegangsetablerarar mellom kjøparane i Fri Sikt-prosjektet.

Les også:




Fleire mindre leilegheiter

Det er ei rekke ulike storleiker på leilegheitene som skal byggjast på Volsdalsberga, frå knappe 40 til meir enn 240 kvadratmeter. Bustadprosjektet har teke lang tid å utvikle, ikkje minst fordi det har vore krevjande å få på plass dei naudsynte reguleringane frå det offentlege.

Undervegs har marknaden endra seg og det har vorte meir etterspurnad etter mindre leilegheiter. Det har utbyggjarane teke konsekvensen av og gjort endringar. I staden for 85 leilegheiter, vert det 93 einingar i neste byggetrinn – og storleiken er altså justert litt ned.
– Når ein byggjer eit så stort prosjekt må ein treffe alle segment, og difor har vi endra miksen litt, seier Young.

Ein leilegheit att på Blindheim

Eit anna større bustadprosjekt Ulsmo allereie har gjennomført, er Sjursåkeren på Blindheim. Her er det bygd 33 nye leilegheiter som stod klare i fjor.
Alle leilegheitene er no selt – unntatt ein av dei største i toppetasjen. Eigedomsmeklar Geir Kristian Ødegård vil likevel ikkje seie at det har vore vanskeleg å få selt.
– Det pleier gjerne stå att nokre einingar i slike prosjekt, og det har ikkje vore meir vanskeleg her enn andre stader, påpeiker han.

Boligmarkedet:



No er det fleire litt yngre som kvittar seg med einebustaden, og kjøper seg leilegheit så snart barna har flytta ut av redet

Publisert: 24.07.2019 05:55

Sist oppdatert: 19.03.2021 09:56