NTB p M Qgp85y4pc
RENTEHOPP: Kor mykje vil sentralbanksjef Ida Wolden Bache setje opp renta med på torsdag? Økonomar er delte i synet på om det blir 0,25 eller 0,5 prosentpoeng. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Nytt

I morgon set ho opp renta på nytt

Setjast styringsrenta opp med 0,25 eller 0,5 prosentpoeng? Økonomar er delte i synet på kva Noregs Bank vil gjere.

Ifølgje DNB Markets meiner marknaden det er omtrent like gode sjansar for det eine som for det andre. Noregs Banks avgjerd blir offentleggjord torsdag formiddag.

På det siste rentemøtet sette Noregs Bank opp styringsrenta med 50 basispunkt for tredje gong på rad. Dette blir ofte kalla ein «dobbeltheving», sidan det vanlege er at sentralbanken endrar renta med 25 basispunkt.

DNB held ein knapp på at det også denne gongen blir ei renteheving på 0,5 prosentpoeng.

Fleire grunnar
– Det er fleire grunnar til det. For det første har rentene ute steget vesentleg sidan september, skriv Kyrre Aamdal i DNB Markets i ein analyse denne veka.

Onsdag avsluttar den amerikanske sentralbanken Federal Reserve rentemøtet sitt. Det er venta at styringsrenta blir heva med 0,75 prosentpoeng for fjerde gong på rad, påpeikar Aamdal.

– For det andre ser det ut til at kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi er litt høgare enn Noregs Bank la til grunn i den pengepolitiske rapporten sin frå september, skriv han.

Dei viser til at veksten i fastlands-BNP har vore noko sterkare dei siste månadene enn Noregs Bank anslo i september. I tillegg har registrert arbeidsløyse vorte liggjande litt lågare enn anslaget til Noregs Bank.

For det tredje vart prisstiginga i september høgare enn det Noregs Bank har lagt til grunn. Sentralbanken vil neppe risikere å komme bakpå i rentesettinga slik at dei blir nøydde til å heve renta meir lengre fram i tid, meiner Aamdal.

Vi held ein knapp på at dette blir den siste rentehevinga i denne syklusen
Frank Jullum

– Fornuftig å bremse
Sjeføkonom Frank Jullum i Danske Bank trur derimot Noregs Bank nøyer seg med ei renteheving på 25 basispunkt til 2,50 prosent torsdag.

– No har dei sett opp styringsrenta mykje på kort tid, og då er det fornuftig å stoppe litt opp for å sjå korleis dette verkar. For det tek tid før auka rente slår ut i etterspurnaden, seier Jullum til Dagens Næringsliv.

Det same ventar seks av ni økonomar som TDN Direkt, eit nyheitsbyrå for finansmarknaden, har snakka med.

Jullum trur også det blir den siste rentehevinga på lang tid.

– Vi held ein knapp på at dette blir den siste rentehevinga i denne syklusen, og at vi ikkje får noka heving i desember og heller ingen nye rentehevingar til neste år, seier han.

Ingen optimisme
Frå august i fjor har styringsrenta gått opp frå 0 til 2,25 prosent.

Årsaka til renteoppgangen er den skyhøge prisveksten i store delar av verda. I Noreg har prisane auka med 6,9 prosent frå september i fjor til september i år, ifølgje SSBs konsumprisindeks. Det er langt over målet på 2 prosent.

Sjølv om det skulle bli ei renteheving på «berre» 25 basispunkt, er det liten grunn til optimisme, ifølgje Jullum.

– Det er jo fordi vi trur at økonomien vil bremsast veldig fort. Og før eventuelle rentekutt skal vi nok gjennom ein periode med auka arbeidsløyse og fleire konkursar seier han.

Publisert: 02.11.2022 15:29

Sist oppdatert: 02.11.2022 15:39

Mer om