I mål med elektrifisering neste år
Alle el-ferjene til Fjord1 skal kunne slå av dieselmotorane innan hausten 2022.
Infrastrukturen på land som Fjord1 treng for å forsyne alle el-ferjene sine med straum er forseinka på fleire samband, men no ser ferjereiarlaget slutten på byggearbeidet.
Det handlar om framføring av straum, bygging av ladeanlegg og tilpassing av ferjekaier. I løpet av dei komande tre kvartala skal arbeidet vere ferdig, skriv selskapet i kvartalsrapporten for tredje kvartal.
Tapte på forseinking
Forseinkingane har gitt Fjord1 høgare driftskostnadar enn venta, fordi diesel har vore eit dyrare drivstoff enn elektrisk kraft.
Forseinka infrastruktur gjer også at Fjord1 må vente på pengane selskapet har forskottert for å få bygd infrastrukturen som må til på land. Selskapet må også vente på utbetalingar frå NOx-fondet, som blir gitt som støtte til selskapa som gjer investeringar for å få ned NOx-utsleppa, som til dømes el-ferjer. Desse pengane blir betalt ut seks månader etter at utsleppsreduksjonen startar, som i Fjord1 sitt tilfelle betyr etter at ferjene byrjar å gå på elektrisitet i staden for å bruke dieselmotorane.
Fjord1 as | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 757,6 | 789,2 |
Driftsresultat | 127,2 | 194,0 |
Resultat før skatt | 110,1 | 149,2 |
Fjord1 as | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 757,6 | 789,2 |
Driftsresultat | 127,2 | 194,0 |
Resultat før skatt | 110,1 | 149,2 |
Publisert: 19.11.2021 08:49
Sist oppdatert: 19.11.2021 08:52