Orient bare
Ålesund: Tøft fjorår for Orient Bar og restaurant, men selskapet gjekk likevel i pluss. Foto: Orient
Nytt

I pluss trass korona

Ålesund-restaurant kutta kostnader, og gjekk i pluss trass korona og nedstenging.

22.02.2022

Ålesund-restauranten Orient Bar og Restaurant i Kongens Gate tapte inntekter, men gjekk i pluss i 2021.

Selskapet heiter Restaurant Scandinavie og er heileigd av Pan Ho, og har vore i aktivitet sidan 1995. I 2001 vart restauranten flytta til gågata, og har vore kjend som Orient Bar og Restaurant, med fokus på asiatiske rettar, spesielt kantonesisk og szechuansk.

No er 2021-tala klare, som viser eit stort inntektsfall frå 4,0 millionar i 2020 til 2,8 millionar kroner i fjor.

Trass fallet, leverte selskapet 0,2 millionar i pluss i 2021, det same som året før. Hovedgrunnen til dette var reduserte lønskostnader.

Restaurant Scandinavie
Åresresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 2,8 4
Driftsresultat 0,2 0,2
Resultat før skatt 0,2 0,2

Totalt har selskapet tre årsverk.

Styret skriv i årsrapporten at deler av aksjekapitalen er tapt, men at aksjonærar har gått inn med ekstra midlar for å sikre forsvarleg drift.

Ifølgje heimeisda er restauranten framleis stengt, og har vore det sidan september i fjor.

Publisert: 22.02.2022 14:17

Sist oppdatert: 25.02.2022 10:39

Mer om