Nytt
I pluss, trass lite snø
Dårlege snøtilhøve gjekk hardt ut over billettintektene, men Volda Skisenter kom likevel i pluss i førre sesong.
16.01.2020
Volda Skisenter blir drive nesten berre på dugnad og det gjer økonomien til selskapet svært motstandsdyktig mot dårlege vintrar, slik som i 2018/2019.
Billettinntektene vart meir enn halvert, frå 2,6 til 1,2 millionar kroner, men auke i andre inntekter vog nesten opp for svikten i billettinntekter (sjå tabell).
Skisenteret leiger mellom anna ut området til heimevernet, og varmestova til selskapslokale. I fjor kom det og inn gåvemidlar som slo positivt ut.
Volda Skisenter har avvikande reknskapsår, som følgjer skisesongen.
Sesongen 2019/2020 har starta dårleg. Så langt har ikkje alpinanlegget hatt ope ein einaste dag og no er det tøya både i alpinbakkane og langrennsløypa.

Publisert: 16.01.2020 13:38
Sist oppdatert: 08.03.2021 11:15