Store deler av sildeflåten er no samla rett nord for Breisunddjupet. Der er det godt med sild å sjå.
- Ja, tilbakemeldingane går på at det er bra med sild å sjå, men hittil i dag har det vore grov sjø og litt vanskelege fangsttilhøve.
- Men vi håpar og trur at det vil kome ein del fangstinnmeldingar i løpet av ettermiddagen.
I fjor var det berre småslumpar med NVG-sild som kom så pass langt sør.
- I fjor stansa mesteparten av silda på Buagrunnen. I år har ein større del fortsett lenger sør, seier Andersen.
Han ser ikkje vekk frå at silda også kan kome til å krysse Breisunddjupet og kome sør til Svinøyhavet.
- Ja, vi er spent på om det vil skje. I så fall er det fleire år sidan sist at det kom særleg med kvantum så langt sør.
Siste tre døgna har det derimot vore så dårleg vêr at det ikkje har vore muleg å kaste etter silda, før vêret roa seg litt søndag ettermiddag.
Då vart også den første fangsten ved Breisundet tatt.
- Framover er vêrutsiktene ikkje så verst, så vi forventar at det vert ein god del fangstar dei neste dagane, seier Andersen.
Totalt vart det meldt inn nesten 23 900 tonn NVG-sild sist veke. Av dette tok ringbot 5 370 tonn, trålgruppa 1 320 tonn, kyst 15 290 tonn og frå utanlandske båtar 1 900 tonn.
20 820 tonn vart tatt på Buagrunnen.
- Ja, tilbakemeldingane går på at det er bra med sild å sjå, men hittil i dag har det vore grov sjø og litt vanskelege fangsttilhøve.
- Men vi håpar og trur at det vil kome ein del fangstinnmeldingar i løpet av ettermiddagen.
Silda har gått sørover
Det seier salsleiar Odd Fredrik Andersen i Norges Sildesalslag.I fjor var det berre småslumpar med NVG-sild som kom så pass langt sør.
- I fjor stansa mesteparten av silda på Buagrunnen. I år har ein større del fortsett lenger sør, seier Andersen.
Han ser ikkje vekk frå at silda også kan kome til å krysse Breisunddjupet og kome sør til Svinøyhavet.
- Ja, vi er spent på om det vil skje. I så fall er det fleire år sidan sist at det kom særleg med kvantum så langt sør.
Stor interesse
Han opplyser at det er stor interesse for NVG-silda, spesielt frå dei anlegga som produserer rogn.Siste tre døgna har det derimot vore så dårleg vêr at det ikkje har vore muleg å kaste etter silda, før vêret roa seg litt søndag ettermiddag.
Då vart også den første fangsten ved Breisundet tatt.
- Framover er vêrutsiktene ikkje så verst, så vi forventar at det vert ein god del fangstar dei neste dagane, seier Andersen.
Totalt vart det meldt inn nesten 23 900 tonn NVG-sild sist veke. Av dette tok ringbot 5 370 tonn, trålgruppa 1 320 tonn, kyst 15 290 tonn og frå utanlandske båtar 1 900 tonn.
20 820 tonn vart tatt på Buagrunnen.
Tilbakemeldingane går på at det er bra med sild å sjå
Publisert: 24.02.2020 13:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53






