Idrettslaget berga Stryn Vinterski
MINDRE VERDT: Etter to elendige år på rad har Stryn vinterski skrive ned verdien av anleggmidla med 3,5 millionar kroner. Nok snø har gitt selskapte ein god start på denne sesongen.
Nytt

Idrettslaget berga Stryn Vinterski

Berre ti driftsdagar og 5,3 millionar kroner i underskot. Slik var fasiten for Stryn Vinterski 2014. Idrettslaget vart berginga.

02.03.2015
Dei tidlegare eigarane har skrive ned verdiane av aksjane i skisenteret til neste ingen ting, samstundes som Stryn Turn og Idrettslag skyt inn 200.000 kroner og får full kontroll i selskapet.
Eignekapitalutviding kjem på toppen av at Stryn kommune i fjor vedtok å innfri ein lånegaranti på nesten to millionar kroner. Dessutan ettergav Sparebanken Sogn og Fjordane gjeld på 2,5 millionar. Banken sette som vilkår for å ettergi gjelda at selskapet måtte få inn ny eigenkaptial, og i desember ifjor var alle formalitetar på plass i følgje dagleg leiar Kåre Dy Tonning.

Katastrofeår

2014 blei bokstavlege tala katstrofalt dårleg for Stryn Vinterski og gjorde det heilt naudsynt med ein redningsoperasjon om selskapet skulle overleve.
Elendige snøforhold gjorde det berre råd å halde anlegget i drift i 10 dagar, og 2014 blei det andre året på rad med store underskot i selskapet (sjå tabell).
Selskapet skreiv ned verdien av anleggsmidlane med 3,5 millionar kroner i 2014, nok som gjorde at resultatet før skatt blei minus 5,3 millionar kroner.

Kan få tippemidlar

Dei tidlegare storeigarane Bøanedsætra Hyttegrend (19,16 prosent), Vibeke Hool Roksvågs selskap Rox Holding (17,42 prosent), Alexandra Hotel (7,25 prosent) og Nordfjord Kjøtt (5,75 prosent) . Når idrettslaget tek over kan anlegget mellom anna søkje om tippemidlar, seier Tonning.
Han fortel om ei god start på denne sesongen, og pr. i dag har skianlegget eit overskot på 340.000 kroner.
- Det starta heilt fantastisk, seier Tonning.
Nok snø gjorde at anlegget kunne ha ope i jula, og fine helgar har sikr godt trafikk også i januar og februar.
I tillegg til avtalen med kommunen og banken har selskapet og forhandla med leverandørane.
- Vi er rimelig gjeldfri, seier Tonning.
Det starta heilt fantastisk

Publisert: 02.03.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41