Ikkje heilt tilbake til normalen
Flyplassane i fylket har framleis ikkje henta att trafikkfallet etter pandemien.
Det viser ferske trafikktal frå Avinor.
Samla sett reiste det vel 3,8 millionar over Avinor sine lufthamner i desember i fjor, noko som er ein auke på 38 prosent samanlikna med desember 2021. Men dette var likevel elleve prosent lågare enn desember 2019, som var det siste ordinære året før pandemien braut laus.
I desember reiste over 71.691 over Ålesund lufthamn, Vigra. Det er ein auke på 31 prosent samanlikna med same månad i 2021. Men samanlikna med desember 2019, er det derimot ein reduksjon på 11,2 prosent, opplyser fungerande lufthamnsjef Bent Helge Sjursen.
Men antal fly som er innom flyplassen stig. I desember i fjor var antal flybevegelsar 1235, opp 11,3 prosent samanlikna med desember 2019.
Nærmar seg millionen
For 2022 samla reiste 915.860 passasjerar over lufthamna, og dette er ein auke på 86 prosent samanlikna med 2021, men 19,6 prosent færre enn i 2019.
Årø lufthamn, Molde, har hatt same utvikling som Vigra. Over Årø reiste det 29.190 passasjerar i desember i fjor, opp 45 prosent. På årsbasis er auken på 83 prosent, til totalt 852.047 passasjerar.
Veksten er litt mindre på lokalflyplassane Hovden og Anda.
Over Ørsta Volda lufthamn Hovden reiste det i desember i fjor 8.559 passasjerar, ein auke på 34 prosent. Samla for året er auken 43 prosent, til 103.418 passasjerar.
Over Anda lufthamn var det eit hopp på 26 prosent passasjerar i desember, til 2.847. På årsbasis er auken 51 prosent, til 40.240.
Publisert: 13.01.2023 08:55
Sist oppdatert: 13.01.2023 08:55