Ikkje ny drift hos Sitwell
Kroken på døra for godt etter konkursen.
Det er ikkje aktuelt å starte verksemda til møbelprodusenten Sitwell på nytt etter konkursen seier dagleg leiar og medeigar Geir Hoff.
Sitwell hadde ni tilsette då det blei opna konkurs i Stordalbedrifta denne veka.
Sitwell har drive med underskot i 12 av dei siste 25 åra, og hadde ein million kroner i underskot i 2022.
Selskapet hadde 24 millionar kroner i driftsinntekt i 2016. Etterpå har tendensen vore fallande og selskapet hadde 12,2 millionar kroner i driftsinntekter i 2022, som er sist tilgjengleg rekneskap.
Oppussing av møblar
Det blir likevel framleis drift i Stordal.
Det skjer gjennom selskapet Refurn, som pussar opp og trekkjer om møblar.
Selskapet er eig med ein fjerdpart kvar av Geir Hoff, Claus Hoff, Nils Tore Hoff og Machine-Control Holding, med Geir Hoff som dagleg leiar og Claus Hoff som styreleiar.
Geir og Claus Hoff og Machine-Control var også medeigar i Sitwell, saman med Pedro Eiendom og Kvande og Nordvik Møblefabrikk.
Pedro Eiendom eig bygget Sitwell har halde til i.
Publisert: 11.06.2024 10:14
Sist oppdatert: 11.06.2024 10:15