Ikkje vindstopp paa Stad
UTBYGGING: Her kjem dei fem vindturbinane på Stad.
Nytt

Ikkje vindstopp på Stad

Olje- og energidepartementet har ikkje funne nokon feil i konsesjonen som er gitt til Okla vindkraftverk på Stad. Det betyr at bygginga kan halde fram.

08.10.2020
NPK-NTB: Det var på oppdrag frå Stortinget at departementet har gjennomgått fleire konsesjonar.
«Departementet konkluderer med at det ikke foreligger feil eller mangler ved vedtakene som kan medføre ugyldighet. Det er derfor ikke grunnlag for å stanse byggingen av Okla vindkraftverk», heiter det i eit brev frå departementet til Stad kommune, melder .

Fem turbinar

På Stad skal Falck Renewables Vind byggje eit anlegg med fem vindturbinar. Totalhøgda med tårn og rotor blir 148 meter. Store delar av Stadlandet er freda på grunn av det heilt spesielle landskapet, men området til vindturbinanlegget er sett bort frå vern.
– Det er ein lang og grundig gjennomgang av saka. Lokalt er det ikkje meir vi kan gjere, konstaterer Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Vil endre lova

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) meiner ein er nøydd til å endre lovverket.
– Dette er eit vindkraftverk som ikkje burde fått konsesjon, seier han.
Heile konsesjonsordninga for vindkraftverk skal vurderast på nytt i haust.

Publisert: 08.10.2020 08:03

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:36