Indremedisin for ein region som har hatt eit vanvittig toeft aar
GOD MARKNADSFØRING: MS Sunnhordland er på plass i Stranda. Ina Eldøy (innfelt) ved Stranda Hotell kan gle seg over inntekter og marknadsføring.
Nytt

– Indremedisin for ein region som har hatt eit vanvittig tøft år

71 Grader Nord-innspeling og storfilm med Tom Cruise gir inntekter – men er i første rekke «fantastisk» marknadsføring.

Marius Rosbach
25.08.2020
I desse dagar skjer det store ting i turistkommunen Stranda. Nede på kaia har teamet som spelar inn tv-satsinga 71 Grader Nord Kjendis kome på plass i MS Sunnhordland.
Grunna korona er produksjonen i år lagt om og starten skjer på Stranda. Det er hell i uhell for sunnmørskommunen.
– Det gir ei fantastisk viktig marknadsføring av kommunen vår. Det vil ha ei enorm marknadsverdi når vi i februar neste år kan løfte fram Stranda for heile landet på denne måten, seier Ina Eldøy entusiastisk til NETT NO.

– Investering i framtida

Den daglege leiaren ved Stranda Hotell har jobba heilt sidan i vinter med å sørge for at Nordisk Film-produksjonen skulle kome til Stranda. Ho påpeiker at det er eit samarbeid mellom ein rekke lokale og regionale aktørar i næringslivet og kommunen (sjå faktaboks til høgre - under om du les på mobil).

– Det er ingen som gjer dette for pengane, men det er klart at det er indremedisin for ein region som har hatt eit vanvitig tøft år.
Når tv-sjåarane følgjer med på opninga av serien, står Stranda ved starten av ein vinter- og kanskje ny sommar – då ein må satse på besøk frå norske turistar.
– Det ser ut til at vi kan ligge an til eit nytt år der mange vil feriere heime. Dette er ei investering i framtida, og oss sjølve, fortel Eldøy.

Les også

:

Meiner Stranda leverer

Til vanleg nyttar tv-produksjonen seg av bussar og ulike køyretøy, men i år har dei valt å ta i bruk passasjerbåten MS Sunnhordland. Tysdag vart også deltakarane presentert via ei nyheitssak hos .
– Det blir som eit «koronavennleg» flytande hotell for oss, fortel produksjonsleiar Svanhild Hagen for 71 Grader Nord Kjendis.
Ho rosar lokalsamfunnet for korleis dei har blitt teke i mot, og fortel at grunnen til at dei valte i Stranda, for det første var at dei viste interesse. Også har dei den spektakulære naturen.
– Dei har utmerka seg på godt samarbeid. Vi sett utruleg stor pris på å bli teke i mot slik med opne armar, men også at dei klarar å ta i mot eit slik maskineri med båtar og varelevering og all logistikken som høyrer til, fortel produksjonsleiaren.

Mission Impossible-opptak

Ulike media har dei siste vekene meldt at innspelinga av den neste Mission Impossible-filmen med Tom Cruise er i full gong i Stranda.
– Eg kan ikkje seie noko verdas ting, er alt Ina Eldøy kan seie om den saka.
Men for dei som tek turen, spesielt kveldstid, er det ikkje vanskeleg å få auge på aktiviteten med helikopterløft og køyretøy. Det er også openbart at innspelinga gir arbeid til ein rekke bedrifter.
Under innspelinga skal eit team på til saman 200 utanlandske og 200 norske filmarbeidarar vere i sving.

Ekstra hotell-besøk

Også for Stranda Hotell gir film- og tv-satsingane ekstra besøk. Når gjestane frå 71 Grader Nord-produksjonen kjem til bords tysdag er det lokal mat på menyen.

– Dei får ein liten Grandiosa-buffé – dei kjem jo trass alt til Grandiosa-ens vogge. I tillegg blir det lokal spekemat og klippfisk, fortel hotellsjef Eldøy.
Ho kryssar fingrane for at det lokale reiselivet får godt besøk framover, men erkjenner at det ser ut til å bli ein tøff haust.
– Det er nesten nifst kor stille det er frå oktober og utover, seier ho.

Orientekspressen i Romsdalen

Også Romsdalen får besøk av den sjuande «Mission Impossible»-produksjonen. Tom Cruise skal spele inn delar av den nye storfilmen i Åndalsnes og Rauma.
Ifølgje lokalavisa er eit gammalt vognsett gjort om til Orientekspressen. Det betyr truleg at handlinga i Tom Cruise-filmen ikkje er lagt til Noreg, sjølv om delar av filmen blir spelt inn her.

Les også:



Det vil ha ei enorm marknadsverdi når vi i februar neste år kan løfte fram Stranda for heile landet på denne måten

Publisert: 25.08.2020 17:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01