Nytt
Industribygg for over 200 millionar til sals
Den som vil ha store industribygg på Sunnmøre kan velje og vrake.
30.04.2014
Berre i prisklassen frå rundt fem millionar kroner og oppover ligg det ti industrianlegg rundt om på Sunnmøre til sals på nettsida finn.no. Den samla prislappen er over 200 millionar kroner.
Truleg er det meir å få tak i for den som vil, fordi ikkje alle anlegg som er til sals ligg ute på den opne marknaden.
- Du kan plusse på 40-50 millionar til, anslår næringsmeklar Kjell Paulsen i Eiendomsmegler 1 Næringsmegling Midt-Norge i Ålesund.
Eigedomane som er til sals er dels lagde ut som sal av sjølve bygget og tomta, dels som sal av eigedomsselskap som eig eigedomane.
Eigaren, børsnoterte Scana Industrier, treng pengar i kassa, og vil selje og leige attende anlegget. Vona er å innkassere 48 millionar.
Tomta er på 22 mål, og tilsaman utgjer dei ni bygningane 10.000 kvadratmeter industri-, lager- og kontorlokale.
I Ørsta ligg to industribygg som begge blei bygde like før 2000 ute til sals (sjå relaterte saker), det eine - Grepabygget - har vore til sals sidan Grepa la ned i 2008. Det andre, med Fora Form som leigetakar, kom på marknaden i mars i år.
Prisantydninga er 38 millionar kroner, fortel næringsmeklar Kåre Gunnar Sætre i DNB Næringsmegling i Ålesund.
Bygget blei lagt ut til sals i november ifjor. Seks månader etter at eigedomen kom på marknaden er det uråd å gi ein anslag for kor lang tid det vil ta før salet går i boks, seier Sætre.
Han legg ikke skjul på at det er mange eigedomar å velje mellom.
- Det er for mykje eigedom ledig, seier Sætre.
- Det er ein veldig stor og kompleks eigedom, seier Sætre.
Anlegget er bygd og påbygd i fleire omgangar, frå 1946 til 1995.
I fjor selde Nils Gunnar Hjellegjerde IMG til sin tidlegare konkurrent, Ekornes ASA. .
Anlegget husar mellom andre Furnia, eit felles sals og administrasjonsselskap for Sandvik Møbler, Rajo og Vest Møbler og Interstil AS Hjellegjerde - som har same eigarar som bygget.
Den andre aktuelle kjøpargruppa er industribedrifter som sjølve er på jakt etter nye lokale til eiga verksemd.
Kjell Paulsen i Eiendomsmegler 1 Næringsmegling Midt-Norge i Ålesund, har nettopp seld Europrofilbygget i Sykkylven. Dei tidlegare eigaren leigde attende halve bygget, og får kjøparen, Pla-Mek frå Stranda, som ny nabo.
No har Paulsen mellom anna den tidlegare Brunstad-fabrikken på Stranda til sal. I fjor vart eiegdomen lagt ut for 7,5 millionar, no er prisen kutta til 4,5.
- Vi har interessentar, seier Paulsen.
Truleg er det meir å få tak i for den som vil, fordi ikkje alle anlegg som er til sals ligg ute på den opne marknaden.
- Du kan plusse på 40-50 millionar til, anslår næringsmeklar Kjell Paulsen i Eiendomsmegler 1 Næringsmegling Midt-Norge i Ålesund.
Eigedomane som er til sals er dels lagde ut som sal av sjølve bygget og tomta, dels som sal av eigedomsselskap som eig eigedomane.
Sel for å fylle kassa
I førre veke la Scana Volda heile industrieigedomen sin i Volda ut for sal.Eigaren, børsnoterte Scana Industrier, treng pengar i kassa, og vil selje og leige attende anlegget. Vona er å innkassere 48 millionar.
Tomta er på 22 mål, og tilsaman utgjer dei ni bygningane 10.000 kvadratmeter industri-, lager- og kontorlokale.
I Ørsta ligg to industribygg som begge blei bygde like før 2000 ute til sals (sjå relaterte saker), det eine - Grepabygget - har vore til sals sidan Grepa la ned i 2008. Det andre, med Fora Form som leigetakar, kom på marknaden i mars i år.
25.300 kvadratmeter
Det største industrianlegget du kan få tak på Nordvestlandet nett no er det tidlegare fabrikkanlegget og hovudkontoret til Hjellegjerde. 25.300 kvadratmeter, delvis utleigd, ei husleige pr i dag på cirka 3,3 millionar kroner, og plassert mellom fergeleiet på Aursnes og Sykkylven sentrum.Prisantydninga er 38 millionar kroner, fortel næringsmeklar Kåre Gunnar Sætre i DNB Næringsmegling i Ålesund.
Bygget blei lagt ut til sals i november ifjor. Seks månader etter at eigedomen kom på marknaden er det uråd å gi ein anslag for kor lang tid det vil ta før salet går i boks, seier Sætre.
Han legg ikke skjul på at det er mange eigedomar å velje mellom.
- Det er for mykje eigedom ledig, seier Sætre.
Utbygd over 39 år
Lokale investorar har vist interesse for Hjellegjerdeanlegget, men førebels er det ikkje blitt noko avtale.- Det er ein veldig stor og kompleks eigedom, seier Sætre.
Anlegget er bygd og påbygd i fleire omgangar, frå 1946 til 1995.
Leiger ut til tidlegare sjef
Den største leigetakaren i Hjellegjerdebygget er IMG (Internasjonal Møbel Gruppe). IMG vart starta av tidlegare toppsjef og medeigar i Hjellegjerde, Nils Gunnar Hjellgjerde. Selskapet har produksjon i Asia, men hovudkontor og produktutvikling er i Sykkylven.I fjor selde Nils Gunnar Hjellegjerde IMG til sin tidlegare konkurrent, Ekornes ASA. .
Anlegget husar mellom andre Furnia, eit felles sals og administrasjonsselskap for Sandvik Møbler, Rajo og Vest Møbler og Interstil AS Hjellegjerde - som har same eigarar som bygget.
Omgjort industri
Dei mest attraktive industribygga for investorar er dei som kan gjerast om til lager, butikk eller bustadar, i følgje Sætre. Dess lenger utanfor allfarveg, dess tyngre å selje.Den andre aktuelle kjøpargruppa er industribedrifter som sjølve er på jakt etter nye lokale til eiga verksemd.
Kjell Paulsen i Eiendomsmegler 1 Næringsmegling Midt-Norge i Ålesund, har nettopp seld Europrofilbygget i Sykkylven. Dei tidlegare eigaren leigde attende halve bygget, og får kjøparen, Pla-Mek frå Stranda, som ny nabo.
No har Paulsen mellom anna den tidlegare Brunstad-fabrikken på Stranda til sal. I fjor vart eiegdomen lagt ut for 7,5 millionar, no er prisen kutta til 4,5.
- Vi har interessentar, seier Paulsen.
Publisert: 30.04.2014 10:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32