Infrastruktur for hydrogen kan koste fem mrd
ÅLESUND: Knut Flakk ombord i nullutslipps-katamaranen Energy Observer i Ålesund. Flakk vil lage hydrogen med strøm fra kraftverk i Hellesylt og forsyne Hellesylt-Geiranger-ferja med hydrogen som drivstoff.
Nytt

Infrastruktur for hydrogen kan koste fem mrd.

– Vi må ha på plass infrastrukturen for å kome vidare, seier Knut Flakk som har fått DNV-GL til å rekna på kva ei utbygging vil koste.

Marius Rosbach
23.11.2020
Knut Flakk er engasjert i framtidig bruk av hydrogen via ulike selskap, nå meiner han det er på høg tid at det takast grep for å satse.
Selskapet Norwegian Hydrogen er med i eitt av to konsortium som har fått støtte via Pilot-E-ordninga for å få fart på hydrogensatsinga.
Samtidig satsar Hexagon Composites i hydrogenmarknaden og førre veke ga investorane grønt lys for å skilje ut eit eige hydrogenselskap, Hexagon Purus.
Flakk er glad for at det er eit ønske om å satse på hydrogen, både frå regjeringa og store delar av det politiske miljøet. Samtidig meiner han det hastar å få infrastrukturen på plass.
– Vi må ha på plass infrastrukturen for å kome vidare, seier han til NETT NO.

Fyllestasjonar og produksjonsanlegg

Då Flakk snakka under Zerokonferansen førre veke fortalde han at dei hadde engasjert DNV-GL for å finne ut kor mykje det kan koste å bygge ut det ein treng som eit minimum.
– Dei estimerer kostnadane for å bygge ut infrastrukturen i Norge til kring fem milliardar. Då vil du til dømes ha hydrogen tilgjengeleg på alle de viktigaste sambanda langs kysten, seier han til NETT NO.
Inkludert i ei utbygging som DNV-GL har skissert, er 40 fyllestasjonar og 20 produksjonsanlegg, som dagleg kan produsere 130 tonn. Det vil dekke behovet til kring 4000 tyngre køyretøy.
Summen inkluderer distribusjon og prosjektkostnader, men ikkje til eksempel utgifter til tomter.

Mange aktuelle brukarar i regionen

Knut Flakk meiner ein er nøydd til å sjå på hydrogen, eventuelt i ein kombinasjon med ammoniakk, for å nå utsleppsmåla framover.
– Personbilar blir i stor grad elektrifisert, men på tyngre køyretøy vil ein vere avhengig av hydrogen, seier han.
Sjølv har Norwegian Hydrogen planar om å etablere ein hydrogenfabrikk på Hellesylt gjennom Hellesylt Hydrogen Hub. Då meiner Flakk at både ferje, brønnbåtar, buss, lastebilar - og personbilar – på sikt er aktuelle brukarar av hydrogen i regionen, i tillegg til Raumabanen.
Som NETT NO omtala førre månad, kan med ein bløggebåt på Storfjorden.

Trur på offentleg-privat samarbeid

Europa er allereie er i full gong med å satse på hydrogen, påpeiker Knut Flakk, og trur eit offentleg-privat samarbeid er vegen å gå for Norge.
Han viser til at det allereie er privat næringsliv som ønsker å sette i gong utbygginga, samtidig som Norge har leiande aktørar innan hydrogen.
Han håpar styresmaktene kjem på banen og nyttar verkemiddelapparatet til å få fart på satsinga. Betydelege investerings- og driftstilskot forankra i ein nasjonal strategi med klare milepålar, er mellom Flakk Gruppen sine forslag.

Les også:





Publisert: 23.11.2020 13:00

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:46