Espen Rostrup Nakstad Ørsta
LONG DECEMBER NIGHT: Espen Rostrup Nakstad deltok på nett under konferansen i Ørsta, og vart med konferansier Frode Alnæs (t.v.) å nynne til Dance with a stranger-låta 'Long December night'. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Ingen problem med større forsamlingar

Espen Rostrup Nakstad meiner privatfestar er eit større problem enn store konferansar.

28.10.2021

- Store forsamlingar går veldig bra. Vi har sett etter gjenopninga at det ikkje ført til smitteauke.

- Då er det meir trøblete om du vakner opp med feber og nesa renn og du likevel møter opp på privatfesten med kompisen og 30 vener. Då set du andre i fare.

Det sa den assisterande helsedirektøren på Skype til dei mange i Ørstahallen som torsdag deltok på Næringskonferansen Søre Sunnmøre.

Spanskesjuka
Sjølv om smittetala aukar i Norge, var Nakstad optimistisk.

- Mange er vaksinerte i Norge, og utover i 2022 vil vi få drahjelp av resten av verda, når også mange der vert vaksinerte.

Han samanlikna utviklinga med spanskesjuka, som i perioden 1918-1920 ramma store deler av verda.

- Sjukdomen var veldig alvorleg i starten, men vart ein sesongvariant etter eit par års tid. Noko slikt trur vi kan skje denne gongen også.

Å ta på folk eller ting er ikkje veldig smittefarleg
Espen Rostrup Nakstad

Greitt å handhelse
Nakstad sa at det kunne verte lokale tiltak.

- Vi har ein handterleg situasjon no, og det er ingen grunn til at vi ikkje skal klare oss bra gjennom vinteren. Like fullt kan det verte sett i verk lokale tiltak, som at det vert krav om munnbind på bussen i ein del større byar.

Han sa at befolkninga var godt smitta mot alvorleg sjukdom, sjølv om talet på sjukehusinnlagde har auka i det siste.

På spørsmål frå salen sa Nakstad at det på nytt var heilt greitt med handhelsing.

- Å ta på folk eller ting er ikkje veldig smittefarleg ved luftsvegssmitte. Nysing og hosting er noko heilt anna.

Forlengjer tiltak
Samstundes er det klart at regjeringa forlengjer fleire tiltak som etter planen skulle avviklast, for å avgrense spreiinga av koronaviruset.

– Mellom anna blir innreisetiltaka forlengde for å hindre importsmitte, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen torsdag ettermiddag.

– Vi har bestemt oss for å behalde fleire tiltak som vi skulle vurdere å fjerne no. Det er fordi vi ønskjer å sjå an situasjonen, sa Kjerkol.

– Saman med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) skal vi gjere ei grundig vurdering av situasjonen, både innanlands og utanlands, før vi tek stilling til om vi skal sleppe opp på grensa. Dette er viktig med tanke på arbeidsinnvandring i tida som kjem.

53 prosent auke
Den noverande nedjusterte tisk-strategien har regjeringa valt å føre vidare ut året.

– Vi fører òg vidare plikta til å isolere seg når ein er smitta av koronaviruset, sa helseministeren.

Smittetala i Noreg har den siste tida vore aukande. I den siste vekerapporten frå FHI kjem det fram at smitten auka med 53 prosent førre veke.

Det siste døgnet er det registrert 1.180 koronasmitta i Noreg. Onsdag var 101 koronapasientar innlagde på sjukehus.

Publisert: 28.10.2021 14:01

Sist oppdatert: 28.10.2021 15:21

Mer om