NPK-NTB: Tysdag vart det klart at Framstegspartiet fekk støtte frå Senterpartiet, MDG og SV i saka. Men Arbeidarpartiet sikra regjeringspartia fleirtal i saka. Dermed vil forslaget bli behandla først til hausten, truleg i slutten av oktober.
I Frps blir regjeringa beden «stoppe utbygging av vindkraftverk som er brakt inn for domstolene, inntil sakene er avgjort. Dette skal gjelde saker som behandles etter det gamle konsesjonssystemet.»
– Det er utruleg skuffande at fleirtalet aktivt plasserer Stortinget på utsida. No vil ikkje dette bli avklart før nærare jul, seier Frps energi- og miljøpolitiske talsperson Jon Georg Dale til NTB.
– Frp fryktar mykje norsk natur vil vere nedbygd innan den tida, i utbyggingar som er irreversible. Kraftbehovet kunne heller vore løyst med å oppgradere eksisterande vasskraftverk, meiner han.
Også Sps Sandra Borch beklagar at det ikkje blir noka avklaring før sommaren.
– Mange prosjekt har vorte større og meir inngripande enn planlagt, seier ho til NTB.
I Frps blir regjeringa beden «stoppe utbygging av vindkraftverk som er brakt inn for domstolene, inntil sakene er avgjort. Dette skal gjelde saker som behandles etter det gamle konsesjonssystemet.»
– Det er utruleg skuffande at fleirtalet aktivt plasserer Stortinget på utsida. No vil ikkje dette bli avklart før nærare jul, seier Frps energi- og miljøpolitiske talsperson Jon Georg Dale til NTB.
– Frp fryktar mykje norsk natur vil vere nedbygd innan den tida, i utbyggingar som er irreversible. Kraftbehovet kunne heller vore løyst med å oppgradere eksisterande vasskraftverk, meiner han.
- Blankofullmakt
Ifølgje Dale har Stortinget no gitt ei blankofullmakt til utbygging av vindkraft i kommunar som seier nei, men der motstanden er stor lokalt.Også Sps Sandra Borch beklagar at det ikkje blir noka avklaring før sommaren.
– Mange prosjekt har vorte større og meir inngripande enn planlagt, seier ho til NTB.
Publisert: 09.06.2020 14:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58