Regjeringa innfører plikt til å teste seg for covid-19 for personar som reiser til Noreg frå 2. januar 2021.
Testen skal gjerast så snart som mogleg, og seinast eitt døgn etter at ein kjem til landet. Dei reisande må reise inn i Noreg via grensestasjonar med testing, eventuelt til grensestasjonar med politikontroll. Fleire mindre grensestasjonar vil bli stengde, heiter det i ei pressemelding.
Testkapasiteten ved grensa blir auka, og det blir innført restriksjonar for grensepasseringar. Så langt det er mogleg, skal testing skje på flyplassen eller annan grensestasjon, viss ikkje må den reisande ta kontakt med kommunen eller annan teststasjon for å bestille testing.
– Vi er no dobbelt bekymra for importsmitte. Vi er både bekymra for utbrot med nye muterte virusvariantar som kan vere meir smittsame, og for at mange vil returnere til Noreg etter jul frå land med langt høgare smittenivå enn vi har her, seier statsminister Erna Solberg (H).
– Viss denne mutasjonen skulle blir spreidd i Noreg, vil det sannsynlegvis krevje ei full nedstenging av samfunnet. Vi må gjere det vi kan for å forhindre at den nye virusvarianten får fotfeste i Noreg. Testing er den einaste måten å avdekkje om reisande frå raude land ber med seg dette viruset på, seier Solberg.
Plikta til å teste seg for reisande frå raude land byggjer på vurderingar frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.
Tiltaket skal vurderast på nytt etter fire veker. Brot på testplikta kan straffast med bøter, opplyser regjeringa i ei .
(©NPK)
Testen skal gjerast så snart som mogleg, og seinast eitt døgn etter at ein kjem til landet. Dei reisande må reise inn i Noreg via grensestasjonar med testing, eventuelt til grensestasjonar med politikontroll. Fleire mindre grensestasjonar vil bli stengde, heiter det i ei pressemelding.
Testkapasiteten ved grensa blir auka, og det blir innført restriksjonar for grensepasseringar. Så langt det er mogleg, skal testing skje på flyplassen eller annan grensestasjon, viss ikkje må den reisande ta kontakt med kommunen eller annan teststasjon for å bestille testing.
– Vi er no dobbelt bekymra for importsmitte. Vi er både bekymra for utbrot med nye muterte virusvariantar som kan vere meir smittsame, og for at mange vil returnere til Noreg etter jul frå land med langt høgare smittenivå enn vi har her, seier statsminister Erna Solberg (H).
– Må gjere det vi kan
Det er anslått at den britiske mutasjonen er 55–70 prosent meir smittsamt. Det svarer til ein auke i reproduksjonstalet med 0,4.– Viss denne mutasjonen skulle blir spreidd i Noreg, vil det sannsynlegvis krevje ei full nedstenging av samfunnet. Vi må gjere det vi kan for å forhindre at den nye virusvarianten får fotfeste i Noreg. Testing er den einaste måten å avdekkje om reisande frå raude land ber med seg dette viruset på, seier Solberg.
Ny vurdering om fire veker
Barn under tolv år treng ikkje å teste seg. Det blir òg gjort nokre unntak for mellom anna personar i kritiske samfunnsfunksjonar, grensependlarar, langtransportsjåførar og diplomatar.Plikta til å teste seg for reisande frå raude land byggjer på vurderingar frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.
Tiltaket skal vurderast på nytt etter fire veker. Brot på testplikta kan straffast med bøter, opplyser regjeringa i ei .
(©NPK)
Publisert: 31.12.2020 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10