Dersom Kleven Verft går konkurs - slik eigaren Tomislav Debeljak omtala som eit mogleg utfall av striden med långivare - står dei pantesikra kreditorane først i løypa for å få innfridd sine krav.
Det er Innovasjon Norge og Nordea, viser panteattesten frå Brønnøysundregistra. Den posisjonen set også dei to finansinstituasjonane i ei nøkkelrolle for kva som blir utfallet av ein eventuell konkurs.
Innovasjon Norge har også pant i varelageret og alle krav Kleven Verft har og får - for krav på 100 millionar kroner.
Nordea har pant i alt driftstilbehør og pant i alle krav Kleven Verft har, og får, for krav på 250 millionar kroner, pant i varelageret for krav på 150 millionar kroner og i motorvogner og anleggsmaskiner for krav på 35 millionar kroner.
Innovasjon Norge og Nordea har også pant i tomtene som Kleven Verft ligg på. For Innovasjon Noreg sin del er det snakk om pant for krav på 80 og 20 millionar kroner, for Nordea 25 og 10 millionar kroner.
Det eine lånet er knytt til finansieringa av -konsernet i mars, der Sparebank 1 SMN og Sparebanken Sogn og Fjordane er partar.
Det andre er knytt til langtidsfinansieringa av verftet, der panta til Nordea og Innovasjon Norge står sentralt.
Kommunikasjonssjef Christian Steffensen i Nordea opplyser til NETT NO at dei ikkje kommenterer saker knytt til enkeltkundar, og at dei på generell basis alltid jobbar for å finne gode løysingar for sine kundar.
Seniorrådgjevar Bernt Ellingsen i Innovasjon Norge, opplyser måndag at heller ikkje dei kan svare på spørsmål om kundar - og viser til teieplikt.
Ifølgje E24.no summerer panta seg til 1,2 milliardar, men etter det NETT NO forstår er det reelle beløpet på drygt halvparten.
Før den dramatiske meldinga fredag har det kome fleire positive nyheiter for Kleven. Avtalar om fleire spesialskip og eitt cruiseskip med luksusbustader om bord er meldt frå DIV Group – og det er opplyst at utrustninga av skipa skal skje ved Kleven.
Ingen av oppdraga er likevel «fast fisk», på det viset at det er signert byggekontraktar. Etter det NETT NO forstår har ikkje avtalane vore handfaste nok for långivarane.
– Vi er usamde i grunngjevinga som bankane og dei andre långivarane har gitt for å avslutte låna. Men det er ikkje riktig tidspunkt å gå nærare inn på kva våre framtidige aksjonar kan bli. No er vårt einaste fokus å oppnå ein avtale med långivarar og redde Kleven verft, opplyste Wilskow i ein e-post laurdag.
Han vil ikkje kommentere verftsdirektør Bollestad sine kommentarar - om at han ikkje ville, eller kunne, vere ein del av kulturen Debeljak var ein del av.
Også finansdirektør Ola Beinnes Fosse som var sentral i å forhandle fram avtalen med DIV Group, slutta nyleg i jobben.
Tillitsvalt Olav Høydalsvik fortalde til laurdag at dei tilsette har opplevd at DIV Group har brukt mykje ressursar på å kontrollere arbeidet ved verftet og avtalar med leverandørar.
NETT NO kjenner også til at underleverandørar den siste tida tida har trekt seg frå arbeid ved verftet. Noko av årsaka skal ha vore at DIV Group skal ha vore svært pågåande for å få reforhandla allereie inngåtte avtalar.
Det er Innovasjon Norge og Nordea, viser panteattesten frå Brønnøysundregistra. Den posisjonen set også dei to finansinstituasjonane i ei nøkkelrolle for kva som blir utfallet av ein eventuell konkurs.
Pant i alt
Panteattesten for Kleven Verft viser at Innovasjon Norge har pant i alt driftstilbehør, motorvogner og anleggsmaskiner for krav på 181,7 millionar kroner.Innovasjon Norge har også pant i varelageret og alle krav Kleven Verft har og får - for krav på 100 millionar kroner.
Nordea har pant i alt driftstilbehør og pant i alle krav Kleven Verft har, og får, for krav på 250 millionar kroner, pant i varelageret for krav på 150 millionar kroner og i motorvogner og anleggsmaskiner for krav på 35 millionar kroner.
Innovasjon Norge og Nordea har også pant i tomtene som Kleven Verft ligg på. For Innovasjon Noreg sin del er det snakk om pant for krav på 80 og 20 millionar kroner, for Nordea 25 og 10 millionar kroner.
Direkte årsaka til oppseiinga
NETT NO skreiv laurdag at den direkte årsaka til at dei norske bankane sette ned foten saman med GIEK og Innovasjon Norge, var to misleghalde lån. Saka til kundar, samarbeidspartnarar og kreditorar fredag.Det eine lånet er knytt til finansieringa av -konsernet i mars, der Sparebank 1 SMN og Sparebanken Sogn og Fjordane er partar.
Det andre er knytt til langtidsfinansieringa av verftet, der panta til Nordea og Innovasjon Norge står sentralt.
Vil ikkje kommentere
NETT NO har bedt Nordea og Innovasjon Norge om ei klargjering av den reelle summen for pantekrava, og flere andre spørsmål knytt til saka.Kommunikasjonssjef Christian Steffensen i Nordea opplyser til NETT NO at dei ikkje kommenterer saker knytt til enkeltkundar, og at dei på generell basis alltid jobbar for å finne gode løysingar for sine kundar.
Seniorrådgjevar Bernt Ellingsen i Innovasjon Norge, opplyser måndag at heller ikkje dei kan svare på spørsmål om kundar - og viser til teieplikt.
Ifølgje E24.no summerer panta seg til 1,2 milliardar, men etter det NETT NO forstår er det reelle beløpet på drygt halvparten.
Har meldt om fleireavtalar
Det låg i avtalen då dei nye eigarane overtok verftet, at Kleven skulle få tilført arbeid frå DIV Group mellom anna via Brodosplit-verftet i Kroatia. Tomislav Debeljak sa til NETT NO i mars at han håpte å ha 1000 tilsette i arbeid på verftet i 2022.Før den dramatiske meldinga fredag har det kome fleire positive nyheiter for Kleven. Avtalar om fleire spesialskip og eitt cruiseskip med luksusbustader om bord er meldt frå DIV Group – og det er opplyst at utrustninga av skipa skal skje ved Kleven.
Ingen av oppdraga er likevel «fast fisk», på det viset at det er signert byggekontraktar. Etter det NETT NO forstår har ikkje avtalane vore handfaste nok for långivarane.
Avviser at dei har brote lånekrava
DIV Group sin pressetalsmann i Norge, Johan Wilskow, frå Gambit H+K Strategies, avviser at Div Group har brote lånekrava. Han opplyser også at bakgrunnen for at bankkontoane til verftet og dotterselskapa er frose – ikkje har å gjere med at den nye eigaren ikkje har skote inn ny kapital i verftet.– Vi er usamde i grunngjevinga som bankane og dei andre långivarane har gitt for å avslutte låna. Men det er ikkje riktig tidspunkt å gå nærare inn på kva våre framtidige aksjonar kan bli. No er vårt einaste fokus å oppnå ein avtale med långivarar og redde Kleven verft, opplyste Wilskow i ein e-post laurdag.
Han vil ikkje kommentere verftsdirektør Bollestad sine kommentarar - om at han ikkje ville, eller kunne, vere ein del av kulturen Debeljak var ein del av.
Les også:
Verftsdirektøren slutta og u
nderleverandørar har trekt seg
Det var etter at konkursåtvaringa frå verftseigaren blei kjent fredag kveld, at administrerande direktør Kjetil Bollestad fortalde til NETT NO at han var ferdig ved verftet.Også finansdirektør Ola Beinnes Fosse som var sentral i å forhandle fram avtalen med DIV Group, slutta nyleg i jobben.
Tillitsvalt Olav Høydalsvik fortalde til laurdag at dei tilsette har opplevd at DIV Group har brukt mykje ressursar på å kontrollere arbeidet ved verftet og avtalar med leverandørar.
NETT NO kjenner også til at underleverandørar den siste tida tida har trekt seg frå arbeid ved verftet. Noko av årsaka skal ha vore at DIV Group skal ha vore svært pågåande for å få reforhandla allereie inngåtte avtalar.
Meir om saka:
Tillitsvalt:
Verftsdirektøren:
Vi er usamde i grunngjevinga som bankane og dei andre långivarane har gitt for å avslutte låna
Publisert: 28.06.2020 20:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59