Innreisestopp gir ingen krise – på kort sikt
Verken arbeidarane på Nordøyvegen eller dei store verfta får større problem dei første vekene.
Innreisestoppen som regjeringa innfører, verkar ikkje å skape noko større vanskar for bedrifter på Nordvestlandet med det første. Frå midnatt natt til fredag blir grensene i praksis stengde for arbeidsinnvandring i minst to veke.
Prosjektleiar Marianne Nærø på Nordøyvegen fortel at dei skal takle innreiseforbodet utan at det går utover framdrifta med vegbygginga.
– Vi har i hovudsak norske arbeidarar, og på kort sikt har vi dei folka vi treng. Nokre har kome frå utlandet etter jul, men dei har no vore i karantene og er ute i jobb, fortel ho til NETT NO.
I rute til opning i desember
Nordøyvegen er det største entreprenørprosjektet i regionen for tida med fleire hundre anleggsarbeidarar i sving. Regjeringa har varsla at restriksjonane kan forlengjast, og då kan situasjonen bli ein annan.
– Om det blir ei langvarig stenging, kan det gi konsekvensar for framdrifta, legg Nærø til.
Brannen i Haramsfjordtunnelen gir heller ikkje forseinkingar. Planlagt opning av første del av prosjektet over til Lepsøya og Haramsøya, er framleis 18. desember i år. Resten av fastlandssambandet er venta å vere klart sommaren 2022, og Nærø fortel at dei er i rute.
– Ingen krisestemning på verfta
Også verfta har i hovudsak fått gjestearbeidarane dei har behov for dei neste vekene, tilbake frå juleferie.
– Det er ingen krisestemning på verfta som følgje av dei innreisereglane som kjem no. Om det blir langvarig, kan det derimot blir dramatisk, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest til NETT NO.
Hans inntrykk er at dei store verfta har god kontroll på smittesituasjonen, med rutinar som er strengare enn dei styresmaktene legg opp til.
– Eg meiner dei store organisasjonane som til dømes Ulstein og Vard, har vore veldig flinke, og at smitta blir fanga opp utan at dei kjem i kontakt med lokalbefolkninga, seier han.
Stor merksemd kring smitta
arbeidarar
Det har skapt stor merksemd at mange arbeidarar ved verfta har testa positivt på korona, etter at dei har kome til landet med papir på negative prøver. Nokre har spekulert i at papira kan vere falske.
Seinast onsdag testa to nye gjestearbeidarar positivt for korona i Vestnes. Begge hadde dokumentasjon på negative testar frå heimlandet.
Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard har tidlegare fortald til NETT NO at det kan vere heilt naturlege forklaringar til at nokre testar positivt, sjølv om dei har papir som viser ein negativ test.
– Sjølv om dei testar seg under 72 timar før dei kjem til Norge, er det ein risiko for at nokon kan ha blitt testa i ei tidleg fase i sjukdomsforløpet, eller at dei blir smitte før utreise. Samtidig er det stor risiko for smitte under reise, spesielt i denne perioden der det har vore mykje kø på flyplassane, sa Akselvoll då.
Publisert: 28.01.2021 15:08
Sist oppdatert: 26.03.2021 10:37