Innvik satsar paa rakettvekst
VEKST: Med den danske møbelstoff-leverandørene Kvadrat som medeigar vonar dagleg leiar Bjørn Aage Haugen i møbelstoffprodusenten Innvik på dobling av salet i løpet av tre år.
Nytt

Innvik satsar på rakettvekst

Innan 2018 skal møbelstoffprodusenten Innvik doble salet.

30.03.2016
Dei 46 tilsette hos møbelstoffprodusenten i Innvik kjem til å få fleire kollegaer dersom selskapet lukkast i å nå målet om ei rask dobling av driftsinntektene.
Dei siste åra har selskapet greidd å betre lønsemda (sjå tabell), no er målet å auke salet.
Auken skal i stor grad kome i utlandet, i kompaniskap med den danske møbelstoffleverandøren Kvadrat, som tidleg i år vart medeigar i selskapet. Kvadrat her eit internasjonalt distribusjonsnett, og det er gjennom dei kanalane Innvik skal få fart på salet.

Medeigar

Kvadrat og eigarselskapet Innvik Holding gjorde i fjor haust ein avtale om at Kvadrat kjøper 30 prosent av aksjane i møbelstoffprodusenten. Sjølve handelen er gjort etter årskiftet og partane har avtalt ikkje opplyse kjøpesummen i følgje dagleg leiar Bjørn Aage Haugen.
I samband med kjøpte skifta og selskapet namn, frå Innvik Sellgren til Innvik. Salsorganisasjonane blir slått saman til ein, under namnet Kvadrat Norge og merkenamnet blir Kvadrat/Innvik, skreiv då avtalen vart inngått i fjor.
Kvadrat sin inngang på eigarsida skjer som eit reint aksjekjøp frå Innvik Holding, som no sit att med 70 prosent av aksjane i Innvik.
Gjennom eigene selskap er Bjørn Aage Haugen, Olav Rune Haugen, Arve Reidar Haugen og Geir Haugen er største eigarar i Innvik Holding.

Utfyller

Kvadrat har ikkje eigen produksjon, men er medeigar i to andre møbelstoffprodusentar i Europa, etter same modell som hos Innvik.
Haugen fryktar ikkje konkurransen frå dei to andre produsentane, fordi dei lagar andre typar stoff enn i Innvik.
- Vi er meir komplementære enn konkurrentar, seier han.

Har kapasitet

Innvik har investert rundt fire millionar kroner i nytt produksjonsutstyr i løpet av 2015 og i år. Med dei investeringane meiner Haugen selskapet langt på veg har kapasiset til å handtere den sterke veksten i etterspørselen selskapet håpar på, men bemanninga må opp frå dagens nivå.
Haugen vil ikkje tidfeste eller talfeste når og korleis veksten vil kome, men seier han reknar med at etterspørselen vil stige sterkast mot slutten av treårs-perioden, når Innvik er meir innarbeidd i Kvadrat sine salskanalar.

Publisert: 30.03.2016 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54