Insekt investorar paa plass
GOD APPETITT: Neste år kan dei første insektprodukta frå insektfabrikken i Stordal vere ute i marknaden.
Nytt

Insekt-investorar på plass

Skal levere 100-200 tonn insekt i året frå fabrikk i Stordal.

03.03.2020

Grunnleggarane av Artec Aqua, Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland, er blant investorane som satsar på insektproduksjon i Stordal. Gjennom sitt selskap Artec Holding har dei gått inn med pengar i Norinsect, som har utvikla ein metode for storskala insektproduksjon.

I første omgang er målet å bygge eit anlegg som produserer 100-200 tonn insekt i året, og i beste fall er dei første leveransane ute i marknaden neste år, i følgje styreleiar og medeigar Harald Espeland.

Marknaden for insekta er råstoff fiskefôr og kjæledyrfôr, samt insektgjødsel, i følgje Norinsect.

Fleire investorar

Før kapitalutvidinga eigde Peder Vikenes og Harald Espeland Norinsect 60/40.

Begge to er med i kapitalutvidinga og Vikenes er framleis største aksjonær. Espeland vil førebels ikkje seie meir om fordelinga av eigarskapet, storleiken på emisjonen eller kor mykje som skal investerast i å auke produksjonskapasiteten, men seier kapitalutvidinga er stor nok til å finansiere utbygginga.

I tillegg til Artec Holding-eigarane, Espeland og Vikenes er investorane Sturla Sand i Rogaland, Bjørn Hauketo og Øienfamilien i Molde, Reidar Ervik i Brattvåg og Sverre Mathias Martinsen i Oslo med på kapitalutvidinga.

Dei nye eigarane bidrar også med kunnskap inn i selskapet innan fiskeoppdrett, automatisering og marknadsarbeid, i følgje ei pressemelding frå selskapet.

Klekt ut i godt lag

Peder Vikenes fekk ideen i 2014 og selskapet blei etablert i 2015.

- Vi var nokre smålåtne sunnmøringar i godt lag. Dei som var i oppdrettsbransjen påpeikte at det var mykje tap av biomasse innan yngel og settefisk. Eg påpeikte då at eg trudde det var startfôret som var feil. Min teori var at hvis ikkje starten i oppdrettskjeda blir riktig, vil dette vere noko som ein ikkje kan ta igjen seinare, sa Vikenes til NETT NO i 2018.


Publisert: 03.03.2020 13:03

Sist oppdatert: 13.07.2021 10:01

Mer om