Intership byggjer i Spania
GODE TAL: Intership vart etablert i 2014 og når 2020-reknskapet blir offentleg blir også lønsemda i selskapet synleg: - 2020 var det første året det var synleg at vi hadde veldig god lønsemd, seier dagleg leiar Ole Peter Brandal (innfelt) i brønnbåtreiarlaget Intership. Biletet er ein illustrasjon av nybygget Intership får leverte i fjerde kvartal 2022. Prisen er i overkant av 300 millionar kroner, ifølgje Brandal.
Nytt

Intership byggjer i Spania

Har ni brønnbåtar i arbeid når nybygget er i drift og Intership-sjefen lovar å vise fram gode tal når 2020-reknskapen er klar.

25.01.2021
Brønnbåtreiarlaget Intership på Hareid har bestilt ein brønnbåt med 2500 kubikkmeter lastekapasitet frå det spanske verftet Zamakona Yards Bilbao.
Båten skal leverast i fjerde kvartal 2022 og er den andre nybygget Intership får levert neste år. Prisen er i overkant av 300 millionar kroner ifølgje dagleg leiar Ole Peter Brandal i Intership.
Salt Ship Design på Stord har teinka båten. Dette er første brønnbåt Salt Ship Design har teikna for Intership, og Brandal seier han reknar med at det blir fleire.

Utstyr for 100 millionar

- Det er få som er aktuelle, og det var ikkje mogleg å gjere det, seier Brandal om å byggje båten hos norske verft.
Sjølv om båten ikkje blir bygd i Noreg, kjem mykje av utstyret frå norske bedrifter, i stor grad nordvestlandske. Brandal anslår at det blir leveret utstyr for omlag 100 millionar kroner frå Noreg.
Båten blir utstyrt med stor batteripakke og energigjenvinning-utstyr, og har plass til å installerere produksjonsanlegg for ferskvatn, i følgje ei pressemelding.
Også det første fartøyet som blir levert neste år blir bygd i Bilbao.

Internasjonal satsing

Når dei to nybygga er på plass neste år har Intership ni brønnbåtar i arbeid, med ein samla lastekapasitet på nesten 16.000 kubikkmeter.
Selskapet sine brønnbåtar driv i Noreg, Chile, Skottland, Island og på både aust- og vestkysten av Canada. Brandal kan førebels ikkje kommenter om det er inngått kontrakt om å leige ut den nye brønnbåten, og kvar den skal i arbeid.
Intership vart etablert i 2014. Største aksjonær, med over 90 prosent eigarskap, er det britiske investeringsfondet Alchemy Partners. På eigarsida er og Brandal, Kjetil Opshaug, Håvard Grøntvedt og Geir Sandnes.
Selskapet har hovedkontor ved hurtigbåtkaia på Hareid, og har passert 100 tilsette, der 14 det er tilsette på landsida i Norge, i tillegg til tre tilsette ved avdelingskontoret i Puerto Varas, Chile.
63 av dei tilsette sjøfolka er norske.

"Eit veldig godt år"

2020-tala er ikke klare enno, men Brandal seier det blei "eit veldig godt år" og at selskapet no er gjennom startfasen over i ein fase der lønsemda også blir synleg i reknskapen.
-2020 var det første året det var synleg at vi hadde veldig god lønsemd, seier Brandal.

Publisert: 25.01.2021 09:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13