Nytt
Investerer 230 millionar i Dalsfjorden
Ved Steinsvika i Dalsfjorden byggjer Marine Harvest for 230 millionar kroner og nesten doblar storleiken på settefisken.
19.06.2015
Anlegget er alt i produksjon, og skal produserer 1200 tonn settefisk i året.
Då konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Marine Harvest vitja Fosnavågkonferansen i går snakka han om fleire vegar oppdrettsnæringa kan gå for å vekse vidare.
Både oppdrett i havanlegg og heilt lukka anlegg innaskjærs er alternativ. Problemer er utvikilinga er i ein tidleg fase, og at ingen førebels har bygd og drive havanlegg eller lukka anlegg som har vore haldbare i lengda.
Medan settefisk i vårt område blir sett i sjøen når den er mellom 90 og 100 gram stor, vil gjennomsnitt-settefisken frå anlegget i Steinsvika vere 160-170 gram i første omgang , i følgje John Ivar Sætre. Sætre er ferskvass-sjef for for Marine Harvest på Nordvestlandet.
Og ikke minste krev større fisk kortare tid i sjøen før den når slakteklar storleik. Dermed er den utsett for lakselus og sjukdom i ein kortare periode enn det som er vanleg i dag.
Kortare tid i opne anlegg betyr og at oppdrettselskapet kan auke produksjonen innanfor dagen regelverk.
Den kapasitetsauken kan mellom anna brukast til å la settefisken i også dei andre settefiskanlegga vekse seg større før fisken blir sett i sjøen, slik at Marine Harvest kan auke gjennomsnittleg vekt på all settefisk.
Då konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Marine Harvest vitja Fosnavågkonferansen i går snakka han om fleire vegar oppdrettsnæringa kan gå for å vekse vidare.
Både oppdrett i havanlegg og heilt lukka anlegg innaskjærs er alternativ. Problemer er utvikilinga er i ein tidleg fase, og at ingen førebels har bygd og drive havanlegg eller lukka anlegg som har vore haldbare i lengda.
Mellomløysing
Det nye settefiskanlegget i Steinvika i Dalsfjorden i Volda er ei mellomløysing.Medan settefisk i vårt område blir sett i sjøen når den er mellom 90 og 100 gram stor, vil gjennomsnitt-settefisken frå anlegget i Steinsvika vere 160-170 gram i første omgang , i følgje John Ivar Sætre. Sætre er ferskvass-sjef for for Marine Harvest på Nordvestlandet.
Meir robust
Når fisken er større i det den blir sett ut i opne anlegg i sjøen er den og meir robust, og selskapet får mindre svinn.Og ikke minste krev større fisk kortare tid i sjøen før den når slakteklar storleik. Dermed er den utsett for lakselus og sjukdom i ein kortare periode enn det som er vanleg i dag.
Kortare tid i opne anlegg betyr og at oppdrettselskapet kan auke produksjonen innanfor dagen regelverk.
Aukar kapasiteten
Det nye anlegget aukar Marine Harvest sin samla kapasitet for å produsere settefisk.Den kapasitetsauken kan mellom anna brukast til å la settefisken i også dei andre settefiskanlegga vekse seg større før fisken blir sett i sjøen, slik at Marine Harvest kan auke gjennomsnittleg vekt på all settefisk.
Publisert: 19.06.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41