Investerer millionar i kaker og broed
MEIR PLASS: Valaker Bakeri og Konditori og Goman Valaker har felles produksjonsanlegg i Søvika. No er anlegget i ferd med å bli utvida for 10-15 millionar kroner.
Nytt

Investerer millionar i kaker og brød

Brød- og kakebakarane i Søvika i Haram utvidar bakeriet for 10-15 millionar kroner for å kunne levere meir, til heile landet.

06.04.2017
Rundt 65 årsverk er tilsett i selskap Valaker Bakeri og Konditori og Goman Valaker, som deler produksjonsanlegg, administrasjon og distribusjon.
Goman baker brød, Valaker bakar kaker - og begge er i vekst.
2016 blei betre enn 2015 både målt i driftsinntekter og lønsemd seier Liv-Anette Valaker Røren.

Utvida kakemarknaden

Valaker Bakeri og Konditori eig og driv 11 konditorutsal på Sunnmøre og i Romsdal. I 2015 fekk selskapet ein avtale med Coop som sikra landsdekkande distribusjon av kaker frå Sunnmøre.
I fjor kom og ein landsdekkande distribusjonsavtale mot hotell- og restaurantmarknaden på plass.
Den store effekten av dei nye avtalane kom først på slutten av fjoråret, slik at det er først i år avtalane vil slå tungt ut i reknskapen.

Pluss 1,5 millionar

I årets to første månadar har Valaker Bakeri og Konditori auka salet med tilsaman 1,5 millionar kroner samanlikna med same periode i 2016.
Held denne trenden seg i resten av året vil det bety seks millionar kroner ekstra driftsinntekter, ein vekst på over 12 prosent samanlikna med driftsinntektene i fjor.
Valaker Røren fortel om ein uvanleg god start på året.
- Eg har aldri hatt det så travelt nokon gong, seier ho.

Tre eigarar

Valaker Bakeri og Konditori har tre eigarar; Liv Anette Valaker Røren, ektefellen Alf E. Røren og broren Rune Valaker. Dei er eigarar og av eigedomsselskapet.
Saman eig dei og 49,99 prosent av aksjane i Goman Valaker, selskapet som står for brødbaksten. Resten av aksjane i Goman Valaker er eigd av Coop, og det er spesielt knekkebrødleveransar til Coop som har gitt selskapet eit oppsving.

Frå 2013 til 2015 auka Goman Valaker driftsinntektene fra 43 til 71 millionar kroner. 2016-tala for Goman Valaker er ikkje klare enno, men Valaker-Røren seier dei samla driftsinntektene for dei to selskapa med produksjon i Søvika var på cirka 130 millionar kroner i fjor.
Eg har aldri hatt det så travelt nokon gong

Publisert: 06.04.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08