Investerer tungt paa Sunnmoere
TENNFJORD: Roger Eik i Eiktrapp investerer no omlag 25 millionar kroner i bygg, maskiner og lakkeringsanlegg på Vadset Industripark, og flyttar dermed frå lokala i Fiksdal i Vestnes kommune. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Investerer tungt på Sunnmøre

Eiktrapp flyttar til Tennfjord og opnar nytt produksjonsbygg og showroom i sommar. Veks kraftig. 

Kristin Vidhammer
06.03.2018

Etter sommarferien skal produksjonen i det nye bygget på nærmare 1.700 kvadratmeter vere oppe og gå.

Dei investerer no omlag 25 millionar kroner i bygg, maskiner og lakkeringsanlegg på Vadset Industripark, og flyttar dermed frå lokala i Fiksdal i Vestnes kommune.

- Vi er ein av landets mest moderne trappefabrikkar og blant dei fremste på CNC-produksjon. Med utbygginga vil vi få ein endå meir strukturert produksjon og eit topp moderne lakkanlegg. Vi vil no få veldig god kapasitet, der vi kan produsere seks trapper kvar dag, alle etter mål, seier Roger Eik.

Med etableringa i Tennfjord, kjem dei også nærmare marknaden på Sunnmøre, og der dei blir meir synlege.

Gjekk inn i Trapperingen i 2016
Eiktrapp produserer trapper i tre, stål og glas til bedrifter og private. Dei leverer og monterer trapper i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oppland, i tillegg til å sende trapper over heile landet.

medium


- Frå januar 2016 gjekk vi inn i Trapperingen, som er eit samarbeid mellom seks trappeprodusenter i Norge. Dette har gjort det lettare å kunne levere til huskjeder, i tillegg til at samarbeidet gir bufferkapasitet mellom produsentane.

No leverer Eiktrapp mellom anna til kjedene Block Watne, Idèhus, Nordbohus og Urbanhus. Dei produserer trapper raskt og har ei leveringstid på maksimalt fire veker frå dei har fått trappemåla til den er levert ferdig montert hos kunde.

- Vi er også den einaste trappeleverandøren der kundane kan teikne trappa sjølv på nettet og sende dette til oss, om dei ønskjer det.

Har hatt sterk vekst siste åra
Dei er godt kjent på landsbasis og får ifølgje Eik forespurnader på omlag 1 million kroner i veka som dei må sende vidare til dei andre trappeprodusentane i Trapperingen.

Medan omsetning i 2010 var 2 millionar kroner, var den i fjor 14 millionar kroner.

- I år har vi eit budsjett på 17,5 millionar, så vi har vekse fort siste åra. Det er tungt å vekse, men vi har stort sett hatt overskot sidan 2002 og vi prøver å vere nøkterne.

Dei har nyleg tilsett to nye medarbeidarar, slik at dei no er 15 tilsette. Alle har enten fagbrev, svennebrev eller over ti års erfaring frå bransjen.

Positiv til utsiktene framover
- Eg er veldig positiv til utsiktene framover, hvis ikkje hadde vi ikkje tatt dette store løftet som denne nye investeringa i Tennfjord er. Det er stor konkurranse i marknaden, og vi vil vere med på utviklinga for å ikkje stagnere i framtida.

Dei merkar konkurranse også frå utlandet.

- Mange trur det blir billegare å kjøpe der, men det viser seg at det sjeldan blir det. Dessutan meiner vi det er eit konkurransefortrinn å vere lokalisert nært marknaden og at mange kundar foretrekker ein lokal aktør.

Dei leverer no 50/50 til privat- og næringsbygg, men vil styrke satsing mot næring. Grunnen er at dette er ein relativt større marknad på landsbasis.

medium

Lanserte løysingar for oppbevaring i trappegong
I andre etasje i det nye bygget etablerer dei showroom, der dei kan vise kundane trapper i full storleik samt ei komplett utstilling av bl.a. tresorter, overflatebehandling, forskjellige løysingar for belysning og oppbevaring under trappa. Dei har også eit showrom i Molde i dag.

- Løysingar for oppbevaring under trapp var det vi som utvikla først, noko som har blitt veldig populært. Vi samarbeider med Rovde Møbel og Design, som produserer skapa.

Roger Eik er andre generasjon i selskapet, 100 prosent eigar og har vore dagleg leiar i dette sidan 1996.

- Far min starta produksjon av trappedeler i ei lita løe på 50 kvadratmeter i si tid. Men selskapet som han skulle produsere og levere til gjekk konkurs etter tre månader, så då måtte han lære seg å produsere heile trapper sjølv. Eg starta å jobbe i lag med han da eg var 16 år, så eg har helde på med dette i tretti år no.


Eg er veldig positiv til utsiktene framover, hvis ikkje hadde vi ikkje tatt dette store løftet som denne nye investeringa i Tennfjord er

Publisert: 06.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 13.09.2022 21:46

Mer om