Investorar bak restaurantsatsing
Då kaffibaren og restauranthuset Fugl Føniks opna dørene til sitt nye lokale, sto investorane på trappa og ønskte gjestane velkomne.
- Vi har bygd plassen på ein slik måte at vi har lyst å gå der sjølve, seier Torstein Holsvik.
Saman med advokat Cecilie Langva og Vartdal Plast-medeigarane Jan Endre og Sindre Vartdal eig dagleg leiar Torstein Holsvik i Cruise Service selskapet TCV Utleiebolig. Det er TCV Utleiebolig som eig bygget og har stått for ombygginga av tidlegare Norrøna Pub i Ørsta.
Den gamle puben er det ingenting att etter, og leigetakaren Fugl Føniks har fått nytt, stort kjøkken, konferanse/møterom og 160 sitteplassar - når den siste delen av ombygginga er ferdig.
- Opp mot 10 millionar kroner, seier Jan Endre Vartdal om kva TCV Utleiebolig har investert i ombygginga.
Det er snakk om ei investering som også er motivert av eit ønskje om å auke attraktiviteten til lokalsamfunnet.
- Skal du gjere sånne ting, må du ta dei lange brillene på, seier Vartdal.
Les også: Vil løfte Ørsta som urbant senter
Utvidar
Randi Kvamme Fischer Blichfeldt og Helge Blichfeldt opna kaffibaren Fugl Føniks i 2004. Det nye lokalet er det tredje, og klart største, sidan dei starta. Firmaet utvidar både stab og opningstider, med restaurant på kveldstid og bar enda seinare.
Over 70 gjestar sto i køa ved opninga av det nye lokalet i fredag 7. februar, og Helge Blichfeldt fortel om godt besøk.
- Det har vore eit positivt kaos, seier han om første veka i nye lokale.
Satsar i Ørsta
Dette er ikkje første investeringa brødrene Vartdal har planar om i Ørsta sentrum.
Sidan 2017 har dei arbeidd med planar om ei større bustadbygging i Ørsta sentrum saman med kjøpmann og eigedomsinvestor Arne Johan Rebbestad og grossistselskapet H.I. Giørtz Sønner i Ålesund.
Dei tre partane eige kvar ein tredjepart i den planlagde utbygginga av tomta der busselsskapet Mørebil tidlegare hadde kontor og verkstad.
Les også: Satsar kvart milliard i Ørsta
Publisert: 17.02.2020 06:00
Sist oppdatert: 18.05.2022 12:40