No er selskapet, med hovudkontor i Kalvåg i Bremanger, på jakt etter investorar for å vidareutvikle løysinga og få den ut i marknaden. Målet er å hente inn 10 millionar kroner i første omgang.
I dag er far og son Bakke største aksjonærar i Dimeq, med styreleiar Lars Johan Frigstad som eigar av ein mindre post. No skal dei sleppe andre eigarar inn i selskap.
Det kan og bli nok ein emisjon, på rundt 15 millionar kroner, før selskapet er klar for marknaden, sa Frigstad då han og gründerane presenterte selskapet sitt på "Founders Lunch" hos Åkp i Ålesund i førre veke.
Systemet blir slått på i ein krisesituasjon og gir skipperen varsel om kvar alle er. Skulle noko falle overbord blir det også varsla, noko som lettar leitearbeidet etterpå og ikkje minst sikrar at det kjem i gang med ein gang.
Eit system som krev liten batterikapasitet er nøkkelen for å lukkast, i følgje Frigstad.
I starten kan de bli aktuelt å dekkje ein del av installasjonskostnadane i eigen regi, for å vinne innpass i marknaden. Det er det ein eventuell emisjon nummer to skal vere med og finansiere.
I dag er far og son Bakke største aksjonærar i Dimeq, med styreleiar Lars Johan Frigstad som eigar av ein mindre post. No skal dei sleppe andre eigarar inn i selskap.
Det kan og bli nok ein emisjon, på rundt 15 millionar kroner, før selskapet er klar for marknaden, sa Frigstad då han og gründerane presenterte selskapet sitt på "Founders Lunch" hos Åkp i Ålesund i førre veke.
Langtidsbatteri
Med Dimeq sitt system får mannskap og passasjerar på ein båt ein armband innbygd batteri og sendar. Ombord i båten er det sensorar som fangar opp signal frå armband.Systemet blir slått på i ein krisesituasjon og gir skipperen varsel om kvar alle er. Skulle noko falle overbord blir det også varsla, noko som lettar leitearbeidet etterpå og ikkje minst sikrar at det kjem i gang med ein gang.
Enkelt
Systemet er laga så enkelt som råd, kommunikasjonen mellom sensorane og brua er trådlaus, og armbanda har så lang batterikapasitet at dei ikkje treng ladast under turen.Eit system som krev liten batterikapasitet er nøkkelen for å lukkast, i følgje Frigstad.
Installerer anlegg
Dimeq planlegg å installere anlegg til kostpris ombord i skipa som blir kundar og heller få inntekter ved å ta ei avgift frå kundane.I starten kan de bli aktuelt å dekkje ein del av installasjonskostnadane i eigen regi, for å vinne innpass i marknaden. Det er det ein eventuell emisjon nummer to skal vere med og finansiere.
Publisert: 12.11.2018 06:00
Sist oppdatert: 03.05.2021 08:48