Tema for konferansen 11. april er "I same båt".
Henrik Dalelid Vedde, dagleg leiar, i Haram Næring- og innovasjonsforum fortel i ei pressemelding at konferansen skal gi innblikk i korleis den maritime næringa har brukt samspel og ny kunnskap, for å få til innovasjon, og frå dei ytste og minste holmar har ein greidd å bli verdsleiande.
- Vi er i same båt og kan næringsliv, det offentlege og akademia få meir framdrift om vi seglar saman?
- Dette er noko av det vi skal ta fram under konferansen og slik sette fokus på region utvikling, vertskapsattraktivitet og konkurransekraft, seier han.
Mellom innleiarane er viseadministrerande direktør i Rostein, Glenn Bradley, prosjektleiar for Nye Ålesund, Astrid Eidsvik, viserektor ved NTNU Ålesund, Annik Magerholm Fet, administrerande direktør i I.P. Huse, Morten Hopland, plass-sjef for Rolls-Royce i Brattvåg, Charles Kvalvik, styreleiar i Sparebanken Møre, Leif-Arne Langøy og forretningsutviklar i Vard, Anne Seth.
Jan Kåre Aurdal, dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd har invitert med alle ordførarane på Sunnmøre til ordførarsamling på båten.
Kokk Nils Henning Nesje er dagens stuert, og i pressemeldinga vert det opplyst at han serverer mat som er inspirert av geografi og tema i tillegg til at ordførardebatt mellom ordførarkandidatane til Nye Ålesund står på menyen.
- The North West arbeider for å skape møteplassar. Det er når menneske møtast vi skaper nye moglegheiter. Det trur vi også vil skje denne dagen.
- Vi får nye møte med næringsliv og næringslivsfolk, politikk og politikarar, og når vi seglar i lag, kan mykje bra skje, seier ho.
Henrik Dalelid Vedde, dagleg leiar, i Haram Næring- og innovasjonsforum fortel i ei pressemelding at konferansen skal gi innblikk i korleis den maritime næringa har brukt samspel og ny kunnskap, for å få til innovasjon, og frå dei ytste og minste holmar har ein greidd å bli verdsleiande.
- Vi er i same båt og kan næringsliv, det offentlege og akademia få meir framdrift om vi seglar saman?
- Dette er noko av det vi skal ta fram under konferansen og slik sette fokus på region utvikling, vertskapsattraktivitet og konkurransekraft, seier han.
Bedriftsbesøk
et er MS Bruvik som vert konferansebåt. Skuta går frå Ålesund og skal innom Søvika, Brattvåg og Steinshamn. Det blir bedriftspresentasjonar og bedriftsbesøk.Mellom innleiarane er viseadministrerande direktør i Rostein, Glenn Bradley, prosjektleiar for Nye Ålesund, Astrid Eidsvik, viserektor ved NTNU Ålesund, Annik Magerholm Fet, administrerande direktør i I.P. Huse, Morten Hopland, plass-sjef for Rolls-Royce i Brattvåg, Charles Kvalvik, styreleiar i Sparebanken Møre, Leif-Arne Langøy og forretningsutviklar i Vard, Anne Seth.
Jan Kåre Aurdal, dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd har invitert med alle ordførarane på Sunnmøre til ordførarsamling på båten.
Kokk Nils Henning Nesje er dagens stuert, og i pressemeldinga vert det opplyst at han serverer mat som er inspirert av geografi og tema i tillegg til at ordførardebatt mellom ordførarkandidatane til Nye Ålesund står på menyen.
Historie og framtid
Målet med konferansen er å vere ein møteplass for historie og framtid. Maria Carmona frå The North West håper mange vil vere med .- The North West arbeider for å skape møteplassar. Det er når menneske møtast vi skaper nye moglegheiter. Det trur vi også vil skje denne dagen.
- Vi får nye møte med næringsliv og næringslivsfolk, politikk og politikarar, og når vi seglar i lag, kan mykje bra skje, seier ho.
Når vi seglar i lag, kan mykje bra skje
Publisert: 26.02.2019 13:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31