Kristine Dahl kommunedirektør Stad th foto Ogne
SKAPE RINGVERKNADAR: Kommunedirektør Kristine Dahl i Stad (til høgre) inviterte næringsliv og politikarar til ein eigen skipstunnelkonferanse neste år da ho presenterte tunnellprosjektet på Moakonferansen i dag. Til venstre ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven. I midten Stadordførar Alfred Bjørlo og fylkesordfører Jon Askeland i Vestland. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Inviterer til skipstunnel-konferanse

Skiptunnel-kommunane Stad, Vanylven og Kinn vil auke og framskunde ringverknadane av tunnelen.

21.10.2021

Tidleg neste år vil dei tre kommunane invitere næringsliv, politikarar og byråkratar til ein konferanse der utviklinga av ringverknadane av skipstunnelen er tema.

Kommunedirektør Kristine Dahl peika på tre gevinstar frå tunnelen då ho på Moakonferansen i dag presenterte korleis kommunane sør og nord for tunnelen ser på ringverkandene.

Den første gevinsten er at tunnelen opnar for hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund og er med på å utvide bu og arbeidsmarknaden i regionen.

Den andre er å den opnar for meir vekst i reiselivet.

Det tredje er at stein frå tunnelen er fyllmasse som kan brukast til utbyggingsprosjekt både nord og sør for tunnelen.

Vil sette fart
Målet med konferansen er å skape eit større miljø som dreg saman for å skape ringverknadar av skipstunnelen.

- Når vi kjem i lag og blir kjent og byggjer tillit, då byrjar ting på skje, seier Dahl.

Leverandørsamarbeid
Kystverket har invitert leverandørar til å jobbe saman og finne smarte måtar å byggje Stad skipstunnel på.

Etter planen skal bygginga av Stad skipstunnel starte våren 2023, og den 1,7 kilometer lange tunnelen gjennom Stad skal vere ferdig i 2026.

Publisert: 21.10.2021 15:40

Sist oppdatert: 22.10.2021 05:59

Mer om