Islandsk bod paa Moerenot
BODKAMP: Mørenot-sjef Knut Berge har minst tre friarar som vil overta Mørenot.
Nytt

Islandsk bod på Mørenot

Det islandske industriselskapet Hampidjan har lagt inn bod på Mørenot.

06.12.2017
Hampidjan ein ein av minste tre aktørar som konkurrerer om å overta Mørenot, seier administrerande dirktør Knut Berge i Mørenot.
Minst ein av konkurrentane er norsk.
Berge seier han ventar kven som får kjøpe Mørenot blir avgjort tidleg i 2018.
Nettavisa Intrafish skreiv før helga at Hampidjan kunne vere ein av bodgivarane.

Stor på fisk

Hampidjan er mellom anna ein stor produsent av utstyr til fiskeri, og har lagt inn eit ikkje bindande bod på Mørenot.
Fram mot ei endleg avgjerd blir det no ein bodkamp om Mørenot, i følgje Berge.

Starta i sommar

Mørenot leigde tidlegare i år inn Saga Corporate til å hjelpe seg med salet, og eit prospekt blei sendt til moglege kjøparar i september.
- Eigarane har snakka om konsolidering i bransjen, og den ser vi kjem. Dette gjer at vi har starta prosessen for å sjå om det er riktig å selge, sa Berge til NETT NO i august i år.

Mange eigarar

Mørenot har heile 23 aksjonærar. Hovudkontoret ligg i Søvika i Haram.
Dei tre største med kvar 11,4 prosent av aksjane er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Bodil Larsen og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved årsskiftet.

Publisert: 06.12.2017 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16