Ja til Havila avtale
LANGE FORHANDLINGAR: Forhandlingane om refinansiering av Havila Shipping varte i 13 månadar. I dag fekk administrerande direktør Njål Sævik den siste formaliteten på plass før generalfosamlinga i selskapet i morgon.
Nytt

Ja til Havila-avtale

Obligasjonslångivarane støttar redningsplanen for Havila Shipping.

25.08.2020
Etter at er det berre generalforsamlinga i morgon, tysdag 28. april, som står att før redningsplanen for Havila Shipping er vedtatt.
Tysdag 7. melde offshorereiarlaget at det hadde fått på plass ein omfattande restruktureringsavtale med långivarane. Gjelda på 4,2 millionar kroner blir delt i to, ein renteberande del på 3,1 milliardar kroner og ein ikkje renteberande del på 1,1 milliardar kroner.

Held på majoritetseigarskapen

Det som er att av ikkje renteberande lån etter fem år kan gjerast om til aksjar. Dersom skip ikkje har tilstrekkleg inntening til å betene gjelda, så vert dette overført til gjelda som ikkje er renteberande.
Hovudaksjonærer Havila Holding går inn med eit konvertibelt likviditetslån på 100 millionar kroner, som og kan gjerast om til aksjar for å oppretthalde Havila Holding sin eigarskap i selskapet. Havila Holding er eigd av Sævikfamilien og eig i dag 50,96 prosent av Havila Shipping.

Langvarige forhandlingar

- Vi har forhandla med bankane i tretten månader, og det er godt å endeleg kome i mål med ein avtale som sikrar at vi kan drive tilnærma normalt dei neste fem åra, sa administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping då avtalen var klar tidleg i april.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO

Publisert: 25.08.2020 16:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56